Jump to content

Hydrauliske gremlins NH TS115A


gmail_1

Recommended Posts

Når eg har køyrt etter vegen ein halvtime eller deromkring får eg trøbbel med frontlastaren (Trima +3). Spaken er tung å bevege og om eg brukar meir makt går han i lås på ein måte og lastaren går til t.d. topps utan at eg klarar å få spaken tilbake i nøytral.

 

I ekstreme tilfelle blir styringa påverka og eg kan nesten ikkje snu rattet. Dette har skjedd berre eit par gongar og det er først etter at eg har køyrt full fres etter vegen ein time eller to.

 

Eg synest og bakstussen blir svært varm, sjekka med eit slikt lasertermometer og fann heilt opp i 91 grader no før i dag. Hadde då køyrt ein time med rundballar på hengar og fekk varsellampe på lavt oljetrykk i transmisjonen. Det har eg ikkje sett før.

Den ventilklumpen som rattstammen går inn i hadde temp på over 80 grader.

 

Det er ikkje nokon bremser som heng på eller andre feil eg kan oppdage og om eg køyrer heile dagen i moderat tempo/belastning på grasmarka får eg sjeldan noko problem av denne typen.

 

Det er og korrekt oljetype og -mengde på traktoren og lastaren var montert av fagfolk.

 

Noko forslag til kva som er problemet og kva eg bør gjere?

Link to comment
Share on other sites

Guest Anonym
Kan høyrest ut som om du har invendig oljelekasje. Vist pakninga mellom hydraulikken og smørjeoljen er sprukket, vil oljen som skal ha høgt trykk og smøreoljen som skal ha lavt trykk, gjere at pumpa sirkulerer oljen konstant med resultat at den blir varm.då må traktoren delast i tilfelle.
Link to comment
Share on other sites

Guest Anonym
Det kan no hende du kan slippe lettare i frå det om det bli sjekka fort. Eg måtte dele traktoren pga temperaturen på oljen hadde øydelagt ei pakning på ein av kløtsjane. Den låg sjølvsagt i bakerste delen av girkassa,og einaste måte å kome til på var å plukke traktoren i småbitar. Eg hadde en ts 100, kan hende din er bygd so det kan vere enklare å kome til. Det kan og vere nåke heilt anna, men symptoma ligna veldig på mitt tilfelle.
Link to comment
Share on other sites

Guest Anonym
Glemte å nevne at det kan og vere vist traktoren har gått langt, kan det vere bremsene som er modne for utskiftning. Vist dei er slitt forbi det harde belegget, er det et mjukt belegg som løyser seg opp i oljen. Dette kan titte filtera og pompa må jobbe hardare. Det kan virke inn på lesseapparatet og styringa og temperaturen. Det vil du sjå om du løyse et oljefilter og sjekka om oljen er gråaktig. Då ekje det hjelpi i å bytte filter, må bytte bremsene og olje og filter.
Link to comment
Share on other sites

Guest Anonym
hei . eg er ganske sikker på at dette har med bremsene og gjøre har sjølv hatt både ts100a og ts135a ts100a hadde eg ikkje noko tull med men ts135a gikk med dumperhenger og 50km kasse og forkjellige sjåfører og eg byttet bremser 2 ganger på denne . dette er kjempetraktorer men NH har etter mi meinig gjort en diger brøler med at all oljå går sammen her for det er eit helvete både økonomisk og arbeidsmessig når dette skjer, først må traktoren inn og plukkes fra hverandre ca 2 dagers jobb på verstad med invendig rens og nye bremsebelegg så får du den tilbake med en regning på ca 40000 og så må du skifte filter og olje 1-2 ganger kort tid etter for å få alt ut. det er dyrt og surt. som sagt gode traktorer men en idiotisk løysning . du får først eit varsel i displaiet om olje som kommer og går (blir oftere og oftere dette kommer opp med tiden) forsetter du og kjøre så vil det med tid og stund pakke seg slik at du ikkje får vendegir til å funke eller trepunkt og slikt. eg håper at eg tar feil og at dete er en bagatell men det enkleste er å få den inn til a-k og sjekke det fort.
Link to comment
Share on other sites

Guest Anonym
Ikkje bytt filter. Kontroller det. Om oljen er gråaktig, berre skru filteret på plass å kjøyr til verkstad. Då må d bytast uansett om du nettopp har gjort d. Er oljen fin, er det berre å sjå etter andre løysingar..
Link to comment
Share on other sites

Guest Anonym
Bremsene på tsa kan ikke lage varmgang utenom at olja blir svart og filtrere tette. Har mere tro på at hydraulikkpumpa de er defekt og henger på litt hele tiden. Det er et kjent problem på tsa og t6000 med ccls pumpe.
Link to comment
Share on other sites

Guest Anonym
Pumpe er litt over 20000, så er det noen pakninger/ oringer, ny olje,filter og jobb. Er ca 30000+ mva avhengi om hvor mye man feilsøker. Har du maskinskade, kan det lønne seg og høre med forsikringsselskapet.
Link to comment
Share on other sites

  • 1 year later...

Bytte bremser for bare 40 000,-? tror nok du må doble den prisen... Kan være alt fra bremser, pumper og clutcher som er gåen på traktoren din. Dyrt blir det nok uansett.

Du bør ikke kjøre en meter til før du har fått konstatert feilen.

 

Har du prøvd å skru ut filteret for å se om det er noe spon i det?

 

Hvis forhandleren din er slapp å skru så ringer du A-K sitt hovedkontor og ber dem strekke dem opp. Skal ikke være sånn at man må vente på månedsvis på å få reparert en maskin som man er avhengig av hver dag!

Link to comment
Share on other sites

Det er nok bremsedisker som har røket hos deg , men det er ikke så avskrekkende innviklet å Gjøre noe med for en som har litt teknisk innsikt . Sett unna traktoren og begynn og skru Før det blir mer problemer med cløtsjer og annet småtteri
Link to comment
Share on other sites

Archived

This topic is now archived and is closed to further replies.

×
×
  • Create New...