Gå til innhold

gmail_1

Bruker
  • Innlegg

    156
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Eg har kjøpt ei brukt gjødselvogn. Visstnok ei Reime på 5500 liter. Glassfiber. Den er open, utan lokk i påfyllinga. Ser ikkje ut til å ha vore noko der heller. Kan ein få tak i eit lokk, eller er det nokon som har gode triks?
  2. Min går iallfall heilt fint. Ingen unormale vibrasjonar eg har lagt merke til uansett turtall ?
  3. Er det av eiga erfaring? Høyrer gjerne om korleis desse slåmaskinene fungerer ? Eg har fleire ting av Kellfri-opphav. Sikkert ikkje fantastisk kvalitet, men langt frå så elendig som nokre hevdar heller. Spørsmålet er jo om det er "godt nok" til prisen?
  4. Dessverre er her ingen som kan passe til sameige. Elles er eg grundig vaksinert frå tidlegare tider då det meste av utstyret alltid var opptatt eller øydelagt når vi hadde bruk for det ;-)
  5. Vi har ikkje mykje areal, men det er fordelt på ulike teigar. Graset blir slått med skiveslåmaskin med stengelknekkar, moderat fortørka og pressa med Orkel 1250. For tida er eg i tenkeboksen med tanke på slåmaskin då den vi har ikkje er så godt tilpassa dei mest kronglete teigane. Litt av same grunn har eg lurt på om eg skulle hatt ei samlerive for å redusere køyringa med pressa. Men det er jo eit kost/nytte-aspekt her. Det er heilt umogeleg å kjøpe nytt utstyr av konvensjonelt opphav pga pris, og ærleg talt er eg dritlei gammal reiskap som har eitt bein i grava. Eg kan jo sjølvsagt leige slått og pressing, men det er eit problem at dei aldri kjem når det passar, og at dei er lite fleksible på alle måtar. Etter å ha googla og leita med lys og lykte sit eg igjen med diverse alternativ eg må gjere meg opp ei meining om: Kellfri har rimelege slåmaskiner utan stengelknekkar. Under 40000,- for 250cm brei maskin. BCS har gammaldagse fingerslåmaskiner med ny teknologi. 45000,- for 242 cm. Der er også andre som har liknande maskiner og eg har sett at dei er populære i alpelandskap pga lita vekt og fordi teknologien gjer at dei tilfredstiller krav til slått i sårbare område. Men eg veit lite om korleis dei fungerer i våt andreslått på nordvestlandet. Om eg kjøper ein av desse må eg uansett kjøpe rive. Så er spørsmålet om eg ikkje ville gjort det uansett? Eit anna spørsmål er kor rimeleg ein kan sleppe unna der? Er det andre billegalternativ eg bør sjå på? Om eg hadde tusenvis av mål med slått ville eg nok kjøpt ei dyrare maskin frå eit anerkjent merke, men er det grunn til å tru at desse rimelege maskinene ikkje kan fungere fint?
  6. Har lurt på om eg kan slakte ein gammal Orkel F2 eg har ståande og bruke hjul og styring derfrå til ein eventuell Serigstad. Får sjå :-) Eg kan i teorien plassere kuttar i botnen av plansiloen, den blir no brukt til fôrlager, og så legge eit transportband derfrå og opp over kanten av siloen. Men det blir mykje som må klaffe og vere i orden og eg veit ikkje om det er bryet verd for å unngå fem minutt med hjulgrabb?
  7. Men dei er ofte for dårleg kutta, og kalvar og ungdyr dreg bingane fulle med lange strå. Dei korkar til gjødseltrekket og tettar nedslepp. Før i tida gjekk det i forhausta silo og då var dette eit mykje mindre problem.
  8. Største problemet her er at det er knapt om plassen. Fjøs/forrom og låve er plassert på kvar si side av ein plansilo. Derfor må ein bygge om ein del for å få plass til ein kuttar over fôrutleggaren og eg er ikkje sikker på om det hadde blitt plass utan å flytte kraftforsilo og heve taket. Så det utgår. Takhengt er og problematisk. Det er ikkje allverdens takhøgde og skinnebanen til mjølkeanlegget kjem også i konflikt. Men eg har ikkje så stor fjøs, så eg kan sikkert klare meg med hjulgrabb. Fôret blir vel relativt lett å handtere etter kutting? Elles såg eg ein Serigstad med hjul på ein youtubevideo, så det er nokon som har det. Kan jo vere heimelaga for alt eg veit. Ein eg snaka med meinte at K2 nesten ikkje kutta, men det kan hende han tenkte på K1, utan at eg veit skilnaden på dei.
  9. Har per dags dato utforing med Orkel F3. Den kuttar jo ikkje, men er elles veldig grei i bruk. Eg har bruk for ein som kuttar foret, men har ikkje plass til eller bruk for fullforvogn. Garden er for liten til å investere i kompliserte greier med automatisk foring. Dette fiksar eg sjølv når eg er i fjøset for mjølking. Er det andre enn TKS K2 som passar?
  10. Klareglaset på min 6640 såg slik ut, så stoppa traktoren fordi dieselpumpa (innsprøytningspumpa) skar seg. Det vart dyrt og var heilt unødvendig. Om eg berre hadde vore meir påpasseleg hadde eg tappa det ut jamnleg og unngått skaden. Om det ser slik ut kan det vere lurt å skifte filteret også, sidan det er vanskeleg å vite kor lenge det har sett slik ut og dermed or mykje vatn og drit som er reist over i filteret. Elles skifta eg "fødepumpa" i fjor vinter etter å ha hatt litt problem med luft i dieselsystemet. Det var ikkje vanskeleg og var gjort på eit kvarter,. :-)
  11. gmail_1

    Styring NH115A

    Ved køyring etter veg har traktoren i det siste blitt meir vag og sjølvstyrt. Det er ikkje lenger 100% direkte kopling mellom ratt og hjul. Alle ledd og slikt er i orden og det er ingen ytre lekkasjar. Ingen lydar eller noko anna uvanleg. Korleis feilsjekkar eg dette best?
  12. Det er rett nok mindre aktivitet her enn på FB, til gjengjeld trur eg nok du vil få meir gjennomtenkte og solide svar her. :-)
  13. Det ser ikkje ut til at det er problem med dreneringa, det er berre så tett og tungt jordsmonn at det knapt er råd å få gras til å ville vekse i det heile. Eg får prøve med strandrør igjen.
  14. Det hadde nok vore det beste, men kan ikkje sjå at det kjem til å bli gjort med det første. Har nettopp slått der, og det gjekk heilt fint, så det er ikkje så ekstremt at det ikkje skulle vere drivbart. Om ein berre fekk til litt meir gras, då.
×
×
  • Opprett ny...