Gå til innhold

New Holland 4835 erfaringer?


Lie

Anbefalte innlegg

Her hadde vi ein 4835 noken år, og var egentlig veldig fornøgd med den. Men han blei seld til fordel for ein litt større T5060. 

Men der er eit par ting å være obs på. For det første er det ikkje noko særleg futt i motoren. Når du gira deg opp i høgste gir sleit egentlig traktoren med å dra seg sjølv tom. Vi skrudde opp dieselpumpa ca 1/4 omdreining, og det blei ein heilt ny traktor. Sette og turbo i han seinare og skrudde skrua litt tilbake. Vart då rimelig sprek :-).

Det hende og at han ikkje kobla ut 4wd, eller at 4wd kobla inn av seg sjølv. Dette var pga dårlig kontakt i ein ledning under hytta.

Var og ikkje alltid pto ville koble inn. Fann alldri ut av kva det kom av.

Men sett bort i frå dette var det ein knalltraktor som var både snerten og lettkøyrd. Var ikkje sjelden den blei vald framfor "hovedtraktoren" om ein berre nett skulle... ;-).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...