Gå til innhold

tåkesprøyte


anonym bonde

Anbefalte innlegg

  • 1 måned senere...
Gjest Endre Bjotveit

Vanlegvis går ein ut frå at ein vil nytta ei viss væskemengde pr. daa eller pr. 100 m rad (Frukt), og tilpassar trykk, dyseval og til ei viss grad køyrefart etter dette.  Særleg her på Vestlandet avgrensar det seg sjølv kor fort ein kan køyra, så i praksis vert det ofte dei to første ein kan gjera noko med.

Tilrådd væskemengde for tåkesprøyting på ei fullvaksen fruktplanting er 20-30 liter pr. daa (NB!  Mange. særleg med eldre sprøyter, ligg ein del over dette i væskeforbruk.). Om du kjem over 40 liter byrjar væska å renna på bladverket slik at plantevernmiddel og bladgjødsling kan verta konsentrert langs bladranda når dropane tørkar inn og ein kan risikera sviskadar av dette.  Noko av væska vil også byrja å dryppa av trea.  Høgare væskemengder kan vera aktuelt ved sprøyting med vegetabilsk olje mot lus og midd tidleg på våren sidan ein då ynskjer at det skal leggja seg ein oljefilm rundt egga som kveler dei.  Ved riflesprøyting nyttar ein naturlegvis også vesentleg høgare væskemengder (Sprøyting til avrenning,ca. 150 liter pr. daa).

Ein annan viktig faktor er at ein får væska avsett der den skal havna, og ikkje bles den gjennom fleire rekkjer.  Som regel bør ein justera ned viftehastigheita noko, slik at ein ser at tåka såvidt kjem gjennom rekkja.  Ideelt sett bør ein også køyra fortare enn 4-4,5 km/t for å unngå å blåsa dropane forbi rekkja.  For at ein skal kunna justera ned viftehastigheit, og få god dekning i heile høgda er det i dag berre aktuelt å kjøpa tverrstraums-/skråstraumssprøyter, dvs. sprøyter med ein eller anna form for tårn som leier ein del av luftstraumen oppover, for å få ei jamnast mogeleg luftfordeling i heile trehøgda.

Med tanke på dosering er denne av og til (Særleg på nyare etikettar) oppgjeven pr. daa, og når ein då veit kor mykje væske ein nyttar pr. arealeining kan ein blanda etter dette.  Dei som leverer tilfruktlagera i Noreg har tilgang til eit kjekt program (Fjordfrukt Klient eller Fruktklienten) der ein m.a. kan leggja inn sprøytejournal, og der ein kan planleggja sprøytinga og få ut oppskrifta direkte etter at ein har lagt inn alle plantingar.

Ein del etikettar har oppgjeve dosering pr. 100 liter.  Det er då tenkt i høve til riflesprøyting/sprøyting til avrenning (150 liter pr. daa), og sidan ein skal nytta mindre væske ved tåkesprøyting må ein nytta ein konsentrasjonsfaktor.  Som regel går ein gjennom dette ved funksjonstesting av sprøyta (Sjekkar kor mykje sprøyta gjev pr. minutt, og kor fort ein pleier å køyra.  Dersom ein då nyttar t.d. ein fjerdedel så mykje væske som ved riflesprøyting, 37,5 liter pr. daa i staden for 150 liter, skal ein nytta ein konsentrasjonsfaktor på 4. Dersom det står 100 g pr. 100 liter på pakninga skal ein altså blanda 400 g pr. 100 liter ved tåkesprøyting for å få ut rett mengde pr. daa.).

Det er laga eit kompendium på norsk om tåkesprøyting i frukthagar, men dette er diverre utdatert på mange område (m.a. står det at maksimal hastigheit ved tåkesprøyting er 5 km/t og at ein alltid skal køyra full hastigheit på vifta. Begge deler direkte feil.):

http://www.mattilsynet.no/planter_og_dyrking/plantevernmidler/funksjonstesting_av_spredeutstyr/taakesproyting_i_frukthager.4974/binary/T%C3%A5kespr%C3%B8yting%20i%20frukthager

Dersomdu les tysk kan du finna ein del oppdatert kunnskap på

http://www.obstwein-technik.eu/990/Fachbeitragsliste?hauptKategorie=44

eller på www.sprayertest.org (Nede for vedlikehald akkurat no, men her er det mykje god info.).

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...