Guest Posted December 16, 2012 Share Posted December 16, 2012 Nå er uveret forbi, vinden har roa seg og plussgrader og regndropar er utsikten i stoveglaset. Ei stor takk til alle som har stått på titals timar i tidenes snøstorm, for å halde vegane farbare. Når sjølv dei mest brukte vegane på flate låge Jæren vert stengt seier det sitt. Det kom ca 40cm rett ned natt til torsdag, og like mykje fredag-laurdag med vind oppi full storm styrke. Fleire vegar er brøyta og fresa heilt til no, då mest på høgjæren. Spora etter rennedrevet som sette inn fredag ettermiddag, ligg igjen over alt, snøfenner på 3-5 meter ligg fleire stader. Vegane på lågjæren er no stort sett svarte igjen pga regnet. Eg synes det er imponerande kva traktorane har fått til på dei mindre vegane mens lastebilane har haldt seg på hovudvegane. Verkar som dei har klart seg like godt og haldt vegane opne i sine ansvarsområde. Håpet er at det positive og nødvendige med bønder og traktorar og maskinbransjen ligg på minnet hjå alle dei som kjører bil frå a-b når våren kjem og dei igjen kjem i flokk ut på vegane.. Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Archived
This topic is now archived and is closed to further replies.