Gå til innhold

Linjerydding etter Dagmar


Glytzhkof_1

Anbefalte innlegg

Les mykje i lokalaviser om enorme mengder graner som har ødelagt linjenettet her i Sogn og Fjordane. Det blir garantert tiltak her, og eg lurer veldig på kva resultatet blir.

 

Hvis ein tek ut "kantgranene" som er nærmast linjene i plantefelt, så vil eg anta at dei samanfletta røtene til granene som "konkurrerer i høgda" og derfor har dårlegare stammedimensjon enn frittståande graner vil få det svært tøft i neste storm?

 

Korleis i allverden skal ein angripe dette? Blir det til at ein må utvide gatene til 60 meter? Kva betyr det for grunneigar? Korleis kan ein hindre gjenveksten ut over Roundup? Kan ein foreksempel plante noko som utkonkurrerer gras og trespirer utan at det sprer seg vilt?

 

Mange er sterkt imot gran her på Vestlandet og vil ha den hogd ut til fordel for Furu som tåler klimaet med salt, vind og uvær betre. Vi har mykje utplanta Sitkagran som veks så fort på grunn av vårt milde og våte klima og solrike fjordarmar at den blir rekna som eit ugras. Eg såg ein stammeprofil med årringar opp i 1.5 cm! Den ser ut til å tåle klimaet ekstremt bra i forhold til Norsk gran, og den utkonkurrerer til og med Furu sidan den blir så høg.

 

Dei aller fleste eg kjenner vil ha Sitkagrana vekk, men den er planta nærmast vilt av skuleklassar med lite interesse for arbeidet for mange tiår sidan og enkelte plantefelt er så vanskeleg tilgjengeleg at det er heilt absurd. Det er urer og lier og bratt terreng der trea har god frøstilling nedover. Med så stor vekst er det nok kun papir dei kan brukast til, eventuelt bioenergi?

 

Eit ytterlegare problem er at skogplantarane frå gammalt av gjerne fekk med seg nokre Sitkagranplanter heim. Desse planta dei på tunet rundt hus og løe, og vi har enorme graner som står og truar bygningar og kraftforsyning.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest spelarjakob_1

Sitkagrana har sin plass på vestlandet. Den toler godt sjødrev, er rotsterk, og veks godt på dårlegare bonitet enn Norsk gran. Den egnar seg godt til \&quot\; kantgran \&quot\;, og toler godt stammekvisting.

I ein høveleg tett bestand vert det fine stokkar , som er velegna som byggematerial.

Eg vert ikkje medreven av professorar i kortbukse som hoppar rundt og snakkar om \&quot\; pøbelgran \&quot\;.

At ein ikkje skal plante den alle stader ukritisk er noko anna.

Kraftgater på 50 - 60 meter, er urealistisk. Trur ikkje at kraftselskapa vil betale for den grunn som går med til dette.

Mykje høgspentlinjer er plasserte nettopp i skog og på dyrkamark av rein makelegheit. Grunneigarane har vore for snilde, og det er utnytta.

Gjennomgangslinjer kunne mange stader vore plassert over skoggrensa for den skogen som veks i høgda og er fare for linjene.

Vindfall er iallfall ikkje noko granproblem. Når du har vindstyrke på opp til 60 sekundmeter velter alle slags tre. Dei som ikkje velter vert stammeknekt.

Likevel vil eg ha skogen som vern mot vind og ver, for det utgjer utruleg mykje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...