Guest Posted August 26, 2014 Share Posted August 26, 2014 Køyrde opp ein bakke på ei mark, svinga og køyrde litt nedover igjen. Ville sjå kor lett den var i baken og sette i revers. Merka den slura litt på clutchen før den tok tak, og prøvde ein gong til. Prøvde so i låg, og da letta bakenden på seg. Trykte kjapt inn clutch og brems og køyrde so frammover ned på flata igjen. Merka da at bremsen på høgre side låg litt på, og pedalen var ikkje heilt som den hadde vore. Prøvde å slakke staget inn i bakenden heilt, utan at det hjelpte. Køyrde sakte heimatt 1km og hadde nokon pausar undervegs. Merka at bremsen la seg litt og litt meir på, so hadde nokon pausar. Kjende da igjen at det sleppte noko, bremsen heng verst på bakover uansett. Justerte staget igjen, og prøvde å "hoppe" på pedalen gjentatte gonger, både i bakke og flata utan at det hjelpte. Merkar at om eg står så det hallar litt bakover, og bremsen heng på, om eg da trykjer pedalen innover, so kjem eg til eit hakk der det er litt motstand ogso slepp bremsen heilt. Nokon få cm til inn med pedalen og bremsen er fullt på som vanleg. Så det er eit lite daupunkt der bremsen er heilt av midt på, er pedalen heilt inne eller heilt ute so heng bremsen på. Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Archived
This topic is now archived and is closed to further replies.