Jump to content

NAF vil slakte beitande sau og geit


Glytzhkof_1

Recommended Posts

NAF har ikkje tatt pillen sin i det siste:

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.7801122

 

Om ein slaktar ned alt av husdyr blir det vel berre meir gras og beiteland for villdyr? Dyr vil det alltid kunne være i vegbana, uansett kva gjerde ein set opp. Den som trur det fins gjerde som held all sau og geit på plass, har ikkje hatt lenge med dyr å gjere :-).

 

På Vestlandet har vi så mykje hjort, rev og andre dyr at risikoen er tilstades heile tida og heile året. I Nord Norge stod ein heil reinflokk i vegen og sleikte i seg vegsaltet i fjord vinter.

 

Eg meiner farten må ned i risikoområder. Det er det einaste som kan hjelpe. Ville det hjelpe med støtte til å sette refleks på dyra? Kan eg aldri tenke meg når problemet er stor fart i sving.

 

Eg antar det er spesielle tider på året risikoen er størst for flokkdannelse i vegbana. Antar at desse geitene varma seg på solvarm asfalt på ein kald kveld. Likeins vil hjortedyr kanskje trekke ut i vegbana når den er nysalta på vinteren. Dette er ting som folk bør kunne få varsel om ved skilting. "Nysalta vegbana, risiko for dyr i vegen".

 

I alle tilfelle er dette det verste forslaget frå NAF eg nokon gong har høyrt.

Link to comment
Share on other sites

Utmelding fra NAF er jo en grei reaksjonsform her. Vi skal også huske at NAF, sammen med lastebileierforbundet, står bak forslagene om følgebil ved kjøring av brei redskap, fartsgrense på 30 km ved kjøring av brei redskap osv, så de vil helst at både bønder og traktorer og dyr blir utryddet.

Alternativet til å sende grunngitt utmelding til NAF, er å aktivt gå inn for å kuppe tillitsverv i organisasjonen, for å få den på rett kjøl...

Link to comment
Share on other sites

Guest hagvar_1

Kva kan ein eigentleg seie til ein argumentasjon som NAF har?

 

Eg, for eigen del, vert meir oppgitt enn forbanna. Når så Statens Vegvesen i tillegg går ut og seier at bøndene er umoglege å ha med å gjere i høve inngjæring, m.v. Det syner kva avstand det er blitt mellom oss i landbruket og byråkrati/Oslostyrte institusjonar.

 

I tilfellet i Kjøsnesfjorden det vert referert til her var det ein bussjåfør som hadde vore på jobb og køyrt i 7 pluss timar (Nattbussen mellom Oslo-Førde). Han hadde køyrt vegen mange gonger før. Det er skilta med fareskilt som syner småfe i vegen. Men, det er likevel 80-sone i området.

 

Her snakkar me om førarfeil, ingenting anna. Kva om det hadde vore menneskje i vegbana?

 

Det er berre tre ting som kan hindre dette.

1. Fjærne beitedyr, slik NAF ynskjer.

2. Lågare fartsgrense.

3. Streng straff til dei som køyrer.

 

Likevel:

1. Vil gje bønder i tilknyting til veg yrkesforbud, og kven skal ta den kostnaden?

2. Lågare fartsgrense (i den grad den vert respektert) vil yrkestransportørane og andre kjempe mot med nebb og klør.

3. Strengare straff til bilistane, som vil kunne ha ein preventiv verknad.

Link to comment
Share on other sites

Guest spelarjakob_1

Kva angår NAF så har eg meldt meg ut. Det har vorte ein organisasjon for navlebeskuande oslofolk.

Dei fleste husdyr har eit eller anna merke i øyrene. Det kunne vere ein tanke for dei som lagar husdyrmerke om desse verka som refleks.

Kunnskapen til trafikantane om dyreåtferd er sterkt for nedadgåande. Eg har slete ut ni nye bilar på vegane her, så eg synest at eg kan uttale dette.

Det er ei stor sjeldenheit at ein bilist slakkar på for dyr i vegbana.

Straffing likar eg ikkje, men har heller ikkje noko patentråd om korleis ein kan blankpusse aktsomheitsparagrafen i lova.

Link to comment
Share on other sites

Det at trådstarter klarer og påstå at sau er umulig å gjerde inne er uheldig for heile næringa. En stolpe lengde mellom påler, ståltråd oppe og nede i tilleg til nett så er mykje gjort. Seier ikkje at all utmark skal gjerdas inne i høgfjell men rundt haimebeit synes eg kvar ein skall tenke på dyras ve og vell og legge sjela i gjerding. All anna meining tyder på at ein gjerne skulle sjå etter noko anna å fylle dagane med en dyrehold.
Link to comment
Share on other sites

Hei!

 

Jeg følger spent med på rovdyrdebatten som stadig herjer i media. Det mangler ikke på tilfeller hvor bjørn/ulv gjør det \&quot\;umulig\&quot\; og være sauebonde i Norge. Det er mulig det byr på utfordringer for bonden, men de må han greie og ta.

Og når jeg ser de samme bøndene la dyra sine som de er så \&quot\;glade i\&quot\; ligge og sove i veibanen på riksveien, da mister jeg litt forståelsen og sympatien. Jeg har møtt flokker med sau i tuneller på fjellet. De slapper av i skyggen på varme sommerdager.

Jeg håper virkelig ikke resten av samfunnet er med på og betale erstatningssummer for dyr som går med på denne måten. Dette må være bondens naturlige ansvar.

I Sverige har de snudd på flisa og gir bøndene \&quot\;bonuser\&quot\; ut i fra hvor få dyr de mister, dette gir bonden et tilskud hvis han tar ansvar og passer på at dyra ikke ligger i veibanen og gjerder dem inn i områder med bjørn/ulv.

Link to comment
Share on other sites

Guest spelarjakob_1

Eg har lese ein del kommentarar om denne saka, både her i forumet, og andre stader

Huttemegtu!

Har køyrt både der geitene vart drepne og Våtedalen mange gonger. Det er ikkje forbudt å bruke forstanden, gje seg litt tid ,og kome seg forbi desse geitene.

Dei gongane eg har synest at passeringa her er noko tidkrevande, er fordi mange bilistar har stoppa og driv å gir geitene mat. Dette er geitene tydelegvis vande med , og flokkar seg om bilane.

Dyra lærer lett, av dette, som gjer at dei held seg inn til vegen.

Det går godt an å tru at dei som hyler høgast i kommentarspaltene har eit og anna lite svin på skogen her.

Link to comment
Share on other sites

Alle rovdyrdebatter jeg har lest inneholder påstander og oppfordringer fra folk som overhodet ikke har landbruksfaglig kompetanse. Hadde alle holdt seg nogenlunde til sitt fagfelt hadde de uten kompetanse på området sluppet å bli sett på som usaklige provokatører som bare lager kvalme..
Link to comment
Share on other sites

Archived

This topic is now archived and is closed to further replies.

×
×
  • Create New...