Gjest Skrevet 11. august 2014 Del Skrevet 11. august 2014 Heisann. Lurer litt på økonomi og driftsopplegg på framforing av NRFkastrater. Måten eg driv på no er at eg kauper inn kvigekalvar av kjøttferasar etter avvenning på hausten, og har dei i om lag eit år før eg slaktar dei. Dei går ute heile vinteren med tilgong til rundbuehallar, og så mykje rundballar dei vil ha. Ammekukalvane er jo relativt store ved innkaup på hausten, og koster naturligvis ein del. Tanken er at eg har god plass i gamlefjøset og mykje beiteressurser, så eg kunne tenke meg å utnytte meir av kalvetilveksten sjølv for å få ned utgiftene med kalvekjøp. Har ein laus ide om eg skulle prøve meg på ein runde med kastrater. Uten å ha sett meg veldig grundig inn i dette, er tanken å innrede det gamle tomme fjøset med bingar til ca 5 kalvar i kvar, fylle dei med nylig avvente NRFkalvar i mars-april, kastrere dei, sette inn snyltarsonde og ha dei ut på beite ein sumar, godt supplert med kraftfor. Neste vinter gjeng dei i utehallane, for så ein beitesessong til før dei reiser til Nortura utpå hausten etter beitesessongen. Med andre ord eit relativt ekstensivt opplegg. Blir jo litt meirarbeid med småkalvar i fjøset i månadane før beiteslepp så det er avhengig at det er betre økonomi i dette. Har plass til ca 50 dyr i årspulja. Vil såklart rådføre meg meir med ein konsulent før eg bestemmer meg, men artig å høyre kva erfaringer folk her har. Kva kan eg bereikne i slakteoppgjer på eit ca 20 mnd gammelt nrfkastrat Kva må eg reikne med å betale for kalven? Bør vel vere eit par veker etter avvenning. Uaktuelt å byrje å styre med mjølkeforing. Kan småkalvane ete surfor frå rundballar, eller bør dei ha høy? Kraftfor på apetitt? Kor lenge? Andre utfordringer eller erfaringer som seier at dette er ein dårleg ide? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Torx_1 Skrevet 30. september 2014 Del Skrevet 30. september 2014 Dette kan godt fungere, men jeg holder en knapp på kjøttfekviger. Har foret opp noe Nrfkalv, mye dårlige småkalver i markedet er min erfaring. Mine er ikke kastrert men vokser likevel forholdsvis seint. Sleppte noen på et inngjerdet godt beite, men fortsatt liten tilvekst. De skal ha en del kraftfor, og en kraftforautomat er minimum første sommeren tror jeg. Uansett, behov for mere kjøpttproduksjon! Lykke til:) Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Arkivert
Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar