Jump to content

Zetor 4712 - Skogstraktor


Glytzhkof_1

Recommended Posts

Hei. Vår kjære far har gått bort, og hans velbrukte og effektive Zetor 4712 står lite brukt. Den har ein del utbetringsbehov, men vi vurderer å prøve å selge den og er svært usikre på kva den er verdt.

 

Traktoren har vore brukt til vedhogst og har tvillinghjul og ein Norla totromla vinsj. Vinsjen er velholdt, men velbrukt. Eg meiner trommellagera var skifta nyleg. Det er ikkje sikkert vinsjen vil bli seld med traktoren.

 

Denne Finn-annonsen er ikkje lagt ut enno, men her kan ein sjå ein beskrivelse av traktoren. Eg har berre sett ein vilkårleg optimistpris:

http://www.finn.no/finn/torget/tilsalgs/annonse?finnkode=33290445

 

Eg vil ikkje lure nokon, men vil sjølvsagt ta det redskapen er verdt. Av manglar kan nemnast:

 

* Høgre bremsekrets er lekk - ny hjelpesylinder medfølger.

* Hengslene til panseret er rusta vekk.

* Håndbrekket er kilt.

* Startinnslaget er gåen, men startmotoren fungerer. Startar med eit skrujern (hysj, hysj)

* Lydpotta er heil, men står laust på og er sveisa.

 

Av utbetring kan nemnast:

* Overhalt dieseltilførselssystem med nye dieselfilter, koparpakningar og ny fødepumpe

* Relativt nytt, og stort Biltemabatteri

* Skifta trommellager i vinsj

* Bytta radiatorslangar og spylt godt ut av kjølesystemet

* Lågt timetal med ca 1700.

* Kraftuttaket kan køyrast på gir. Meinar ein koblar høg og lav stanga i fri, og set PTO i ein spesiell modus. Deretter kan ein bruke hovudgirstanga til å justere kraft og fart til PTO uttaket.

* Berre eitt hydraulikkutak.

 

Det står kommentarar til kvart bilde i finn.no annonsen.

Link to comment
Share on other sites

  • 2 weeks later...

Det er litt vanskelig og sette en fast pris på så gammelt utstyr uten og sett og testet selv.

Men ser nesten ingen verdi i den traktoren, det er vinsjen som er verdt noe(i mine øyne).

Selv ville jeg kanskje betalt 8-10 tkr for traktor og 12-15 for vinsj.

Så en plass mellom 20.000 til 25.000 for begge deler ser jeg som realistisk.

Men dette er bare min mening, kan godt være at den ikke er riktig.

Et tips kan jo være og selge til høystbydende, så ser du hva markedet er villig til og betale.

Er du ikke fornøyd med prisen, er det jo bare og beholdet tingene.

 

Lykke til

Link to comment
Share on other sites

Archived

This topic is now archived and is closed to further replies.

×
×
  • Create New...