Jump to content

chris bromley


Guest

Recommended Posts

Har en annonse på en traktor på finn.no. har blitt kontaktet fra det store utland av en person som kaller seg chris bromley. Har noen andre ver borti samme person?
Link to comment
Share on other sites

Guest Jogeir M. Agjeld

Har ikkje hatt nokon kontakt med verken denne personen eller andre tilsvarande, men kjenner til at det frå tid til anna dukkar opp utanlandske folk som av forunderlege grunnar vil kjøpe brukt utstyr frå Noreg. Eller forunderleg er det jo eigentleg ikkje, for det er jo ikkje utstyret vårt dei vil ha, berre pengane våre. Prisane på brukt norsk landbruksreiskap, og fraktkostnaden på det, er ikkje særleg attraktivt i utlandet. Derimot klarer dei å få ein og annan på kroken, så blir der brått eit eller anna gebyr som må betalast for at eksportlisens eller noko sånt skal gå i orden, og så er sirkuset i gang. Og det er sjeldan sånne saker kjem fram, for det å innrømme å ha blitt svindla er ikkje sånt folk likar å fortelje om. Dessutna har svindlarar den fordelen at dei kan skifte identitet raskare enn du vekslar mellom gardsdrift.no og finn.no.

For all del: Det kan godt hende at Chris, og både eine og andre utlendingen som tar kontakt (som du gjerne får treff på om du googlar dei) er fantastisk trivelege folk, men her er det smart å skru på maksimalt med skepsis.

 

Om nokon har erfaring med sånne, så ta gjerne kontakt med redaksjonen i Bedre Gardsdrift, til dømes jogeir [krøll] askmedia.no. Sånne saker fortjener omtale, og vi er i stand til å utvise full diskresjon om du ikkje vil stå fram med kven du er eller kor du bur.

 

Helsing Jogeir/BG

Link to comment
Share on other sites

Han sendte førespørsl i går på sms om traktoren ennå er til salgs fra et nummer som bejunner med +12. Han insisterer på å bruke paypal som betalingsmåte. Er ikkj helt komforttabel med det. Vi har kommuniset videre på mail. Eg har sakt til ham at hen kan ta det med leasingselskapet som traktoren er leaset i. Da har det våre stille en stund fra ham. Eg spure om han bor i england å da sa han at han nettopp har flytta der.
Link to comment
Share on other sites

Guest billy_the_kid_1

Chris er sikkert ein likanes kar blandt venner, men uk har +44. Dei som har +12 er

Antigua og Barbuda +1268

Bahamas +1242

Barbados +1246

Så her er det heilt klart berre til å selge, du kan gjere pioneer arbeid på exsport av eldre jordbruksartikler til caribien.....

Link to comment
Share on other sites

Det er nok 99.99% sjangs for at dette er svindel. Han er litt for ivrig etter å få betale via paypal. Han er villig til å betale godt over det ein lik traktor koster i andre land
Link to comment
Share on other sites

Archived

This topic is now archived and is closed to further replies.

×
×
  • Create New...