Gå til innhold

New Holland T6 autocommand


Gjest

Anbefalte innlegg

Eg har kjørt raud traktor i alle år. Vurderer ny traktor i løpet av neste året, og har mot alle odds ;) funne ein blå traktor eg har fått litt sansen for (trudde aldri det skulle skje...). Nye T6 autocommand (trinnlaus) verkar til å vera ein grei traktor, og til alt overmål har dei kopiert armlenet i nye fendt 500-serien, så betjeninga er det ingen ting å seie på. Det eg lurer på er om nokon som har erfaring med autocommand kan seie noko om fordeler og evt. ulemper med New Holland sin trinnlause transmisjon, har vel vore i bruk på T7 og oppover ei tid. Synest som sagt at for eksempel T6.160 verkar til å vere ein veldig ok traktor. Vekta ligg halvtanna tonn under Fendt 516, og dreiemomentet er det same. Er klar over at kun Fendt er Fendt, men likevel. Eg har ikkje fått noko nøyaktig pris på den blå endå, men antydningane tilseier at den blå blir om lag 200.000 rimelegare enn tilsvarande Fendt. MF ligg nok nokså likt den blå i pris, men har høgare vekt og lengre akselavstand. Eg som køyrer 6455 frisikt Dyna6 i dag har lyst å ha ein kompakt traktor også i framtida...
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Helt riktig en kjempe traktor. Men det er feil at de har kopiert fendt sitt armlene. Det er det samme som kom på T7 i 2009 tror jeg det var. Skal bli spennende å få prøvd traktoren i arbeid
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det blir vel som å diskutere kva som kom først av høna og egget, men Fendt har vel tilsvarande armlene i både 700- og 900-serien, men kven som var først skal ikkje eg sei for mykje om. Poenget mitt er eigentleg at betjeninga ser veldig bra ut, og funksjonane er i alle fall plassert heilt på same plass både hos Fendt og NH. Eg prøvde T6.160 no under karavaneturen, og det verka til å vera skikkeleg bra. Men blir sjølvsagt ikkje det same å berre prøve traktoren på litt asfalt utan reiskap og lastar på. Er sugen på å få prøvd skikkeleg når det kjem ein demo-traktor i distriktet :)
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...