Jump to content

Kverneland 4228


Guest

Recommended Posts

Vurderar å kjøpe slåmaskin til sesongen.Skal brukast saman med multikuttar. Har tilbod om ei brukt 2008 mod Kverneland 4228 gjennom FK. Er dette noko å satse på? Skal mest truleg brukast på ein JD 5820. Eller burde eg gå for andre merke.Har ein del bratt og blautt areal( Vestlandet).
Link to comment
Share on other sites

Guest Arne_Manger_1

Hei.

 

Køyrer i dag med kverneland 4328 på ein John Deere 5100r. Er kjempefornøgd med maskina, den føl terrenget svært bra, er grei å smørje og vaske, og den har brukbar hjulutrustning. Har høyrt litt ymse om 42-serien til kverneland, den er visstnok litt svakare oppbygd og gjerne litt for spinkel. Den skal også mangla ein smørjenippel på girkassen framme, noko som har ført til havari på nokre maskiner. Kan jo vera lurt å sjekka opp i desse tinga.

 

Men kvaliteten på 43serien er eg nøgd med iallefall. Køyrer med 4 slepesko på 40 mm høgde på mi maskin, har slepesko på dei ytterste skivene og så mellomrom og så slepeseko, altså slepesko på skive nr 1,3,5 og 7. Stubbar vel 100 mm høgt og unngår å få med meg jord og ulumskhetar i graset. Eg breisprer og rakar, noko som gjerne ikkje er aktuelt for deg, men det gir iallefall ein svært god tørk på graset.

 

Mvh Arne

Link to comment
Share on other sites

Archived

This topic is now archived and is closed to further replies.

×
×
  • Create New...