Gå til innhold

Orkel tx100


Anbefalte innlegg

Er på markedet etter en 10 tonns henger til div gardsarbeid og flytting av 8 tonns graver. Har fått pristilbud på foss eik, men syns dei ligg litt høgt i pris. Er her nåken so veit ca pris på tx 100? Evt anbefaling av henger, men den må ha mulighet for å legge ned minst ei side..
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anonym

Kjøpte TX 100 i 2010, og har brukt den ein del etterpå som gardshengar. Har gravemaskin, og har transportert ein del massar og stein på hengaren. Hengaren ser fortsatt ut som ny, men har sine svakheter. På TX 120 er det 3 hengsler på kvar sidekarm, på TX 100 er det berre to. Sjølv om karmane på denne er kortare, blir det for langt mellom hengslene, slik at bakerste karmen på kvar side har lett for å bli pressa ut på midten under tipping. Når massen treff bakken, blir det eit sjokk i lasset, og det går ut i sidene bak. På min hengar har eg fått påsveisa ekstra hengsel på alle karmane, og det blei i alle fall mykje betre. Det er ein stødig og grei hengar, men må altså brukast med omtanke når det gjeld stein/massekøyring.

Innleggskarmane kunne vore sterkare, og gjerne gått nedi ei ramme eller noko i botn, slik at sidene hadde blitt stivare.

Eg betalte rundt 120.000 for hengaren i 2010, inkl. skikkeleg strølem til 7500,-.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...