småbrukar_1 Posted January 23, 2012 Share Posted January 23, 2012 Opprydding etter stormen Dagmar står for tur. I utmarkområdet mellom meg og naboen er det ein del graner som stod på naboen si side av gjerdet, som no har velta over på min eigedom. Eg har gjerdeplikt på strekninga, og gjerdet er no sjølvsagt heilt øydelagt og heller ikkje råd å setje opp nytt før granene er fjerna og rotveltene lagt tilbake med gravemaskin. Naboen er ikkje spesielt ivrig etter å ta tak i dette eller få tak i mannskap til å ordne opp. Nokon som kjenner til lover og reglar for slikt? Eg er rimeleg sikker på at eg etter nabolova kan kutta trea etter grensa om eg vil, og sjølv ta hand om skogen, men her er det mykje arbeid, og eg lurer på om eg kan kan kreve at naboen fjernar trea og legge/presse rotveltene tilbake til hans eigedom, eller få utført arbeidet for hans rekning, slik at eg kan setje opp nytt gjerde. Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Archived
This topic is now archived and is closed to further replies.