Guest Posted September 22, 2012 Share Posted September 22, 2012 Prisen på norsk kjøtt har steget 4 prosent på 13 år, mens lønningene i næringsmiddelindustrien har steget med 59 prosent, ifølge tall fra Statistisk sentralbyrå. I samme periode steg matprisene generelt med om lag 17 prosent, mens konsumprisindeksen steg 30,4 prosent. http://www.bondebladet.no/rammebetingelser/2012/09/20/kjoettprisen-staar-stille.aspx Eg ser fire måter å ordne økonomien på: 1. Auke salsinntektene - selge større volum og til høgre pris. 2. Redusere kostnadene - kjøpe billegare varer eller kjøpe mindre varer. 3. Auka tilskott - cash inn. 4. Auka frådragsrett/lågare skattar - mindre cash ut. Personleg set topografien grenser for kor mykje eg kan auke volumet. Og, det er ein direkte negativ samanheng mellom å auka volum og auka kostnader. Kvar ny investert krone i auka volumproduksjon gjev mindre att (diminishing returns). Kostnadene er reduserte til eit minimum. Naudsyne investeringar vert utsett. Det vert handla brukt, ikkje nytt. Vedlikehald vert utsett. Auka tilskott kan me gløyme, iallefall auka totalråme. Omfordeling frå ein produksjon til ein annan, og omfordeling frå byråkrati og tulleting til produksjon kan kanskje gje noko meir i potten. Ei ny regjering seier dei vil kutte i landbruksbyråkratiet. Me kan berre håpe. Men det ei ny regjering med Høgre i spissen vil gjere er å sjå på skattane. Kan det vere at me kan få lågare skattar? Høgare landbruksfrådrag? Nye avskrivingsreglar? Nye moglegheiter for fondsavsetningar? Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Archived
This topic is now archived and is closed to further replies.