Hei
Det er opplagt at eit advokatfirma vil sei at slik og slik lov er komplisert, dei ynskjer jo kundar. Eg vil på stå at hovudregelen om odel ikkje er svert komplisert. Litt enkelt forklart er odel ein forkjøpsrett på linje med ein forkjøpsrett i eit burettslag. Det er i lova bestemt kven som har denne forkjøpsretten på same vis som for burettslag. Skilnaden på odel og forkjøpsretten i eit burettslag er at ved odel går ein ikkje direkte inn i kjøpekontrakta men må betale ein pris som odelslova gjev retningslinjer om.
Den som eig ein eigedom som det er odelsrett på kan selje til kven ein vil. Det er opp til dei som har odelsrett om dei vil bruke odelsretten sin eller ikkje.