Gå til innhold

Plikter og rettar etter vindfall/rotvelter


Anbefalte innlegg

Opprydding etter stormen Dagmar står for tur. I utmarkområdet mellom meg og naboen er det ein del graner som stod på naboen si side av gjerdet, som no har velta over på min eigedom. Eg har gjerdeplikt på strekninga, og gjerdet er no sjølvsagt heilt øydelagt og heller ikkje råd å setje opp nytt før granene er fjerna og rotveltene lagt tilbake med gravemaskin. Naboen er ikkje spesielt ivrig etter å ta tak i dette eller få tak i mannskap til å ordne opp. Nokon som kjenner til lover og reglar for slikt? Eg er rimeleg sikker på at eg etter nabolova kan kutta trea etter grensa om eg vil, og sjølv ta hand om skogen, men her er det mykje arbeid, og eg lurer på om eg kan kan kreve at naboen fjernar trea og legge/presse rotveltene tilbake til hans eigedom, eller få utført arbeidet for hans rekning, slik at eg kan setje opp nytt gjerde.
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...