Jump to content

MF35 med stygg, skjerande lyd


Sæther

Recommended Posts

Eg har ein MF35 frå 1962, som eg har hatt nokre år no. Den har primært vorte brukt til snømåking og flytting av singel/sand/mold med bakskuffe.

Sist eg brukte den, litt før jul, så såg eg at oljetrykket byrja å verte lågare enn normalt, og etter ei lita stund fekk eg ein stygg ulyd frå motoren. På grunn av dette stoppa eg ned, og starta med litt feilsøking. Kunne ikkje finne noko feil umiddelbart, så eg opna opp botnpanna og såg over der. Rensa sila der oljepumpa sug opp olje, og skifta olje og filter. Prøvde deretter å starte opp igjen, men då fekk eg ikkje opp oljetrykket i det heile. Ulyden var og nokså tydeleg. På grunn av dette, så skifta eg oljepumpe. Med ny oljepumpe, så var iallfall oljetrykket på plass, og gangen nokså normal. Når eg testa så forgjekk det likevel utan belastning.

I dag skulle eg bruke traktoren til litt arbeid, og etter ikkje veldig lenge så fekk eg ulyd igjen, og oljetrykket tapte seg litt. Lyden var absolutt ikkje fin, så eg måtte berre avslutte arbeidet og parkere. Eg tok opp lyden med telefonen medan eg parkerte. Den skjerande lyden, nærmast som kvining, kom ikkje så godt med på opptaket.

https://drive.google.com/open?id=1lby10TUhtBt44PfVyHkP3op6xnYBN9xf

Er det nokon med meir erfaring enn meg som har peiling på kva som kan vere gale? Er det ein gåen stempelring, eller er det noko lager som må skiftast? 

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...