gmail_1 Posted January 17, 2020 Share Posted January 17, 2020 Vi har ikkje mykje areal, men det er fordelt på ulike teigar. Graset blir slått med skiveslåmaskin med stengelknekkar, moderat fortørka og pressa med Orkel 1250. For tida er eg i tenkeboksen med tanke på slåmaskin då den vi har ikkje er så godt tilpassa dei mest kronglete teigane. Litt av same grunn har eg lurt på om eg skulle hatt ei samlerive for å redusere køyringa med pressa.Men det er jo eit kost/nytte-aspekt her. Det er heilt umogeleg å kjøpe nytt utstyr av konvensjonelt opphav pga pris, og ærleg talt er eg dritlei gammal reiskap som har eitt bein i grava. Eg kan jo sjølvsagt leige slått og pressing, men det er eit problem at dei aldri kjem når det passar, og at dei er lite fleksible på alle måtar.Etter å ha googla og leita med lys og lykte sit eg igjen med diverse alternativ eg må gjere meg opp ei meining om:Kellfri har rimelege slåmaskiner utan stengelknekkar. Under 40000,- for 250cm brei maskin.BCS har gammaldagse fingerslåmaskiner med ny teknologi. 45000,- for 242 cm. Der er også andre som har liknande maskiner og eg har sett at dei er populære i alpelandskap pga lita vekt og fordi teknologien gjer at dei tilfredstiller krav til slått i sårbare område. Men eg veit lite om korleis dei fungerer i våt andreslått på nordvestlandet. Om eg kjøper ein av desse må eg uansett kjøpe rive. Så er spørsmålet om eg ikkje ville gjort det uansett? Eit anna spørsmål er kor rimeleg ein kan sleppe unna der? Er det andre billegalternativ eg bør sjå på? Om eg hadde tusenvis av mål med slått ville eg nok kjøpt ei dyrare maskin frå eit anerkjent merke, men er det grunn til å tru at desse rimelege maskinene ikkje kan fungere fint? Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Jon Bonde Posted January 17, 2020 Share Posted January 17, 2020 Det som ofte er fornuftig, er at utstyr som brukes relativt få timer i året, eies av flere i fellesskap. Men det forutsetter at man er nogenlunde samarbeidsvillig og fleksibel - og at en har naboer av samme kaliber. Hvis en får det til å fungere er det til fordel for alle. Utfordringa er gjerne at folk er litt for forskjellige... Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
gmail_1 Posted January 17, 2020 Author Share Posted January 17, 2020 Dessverre er her ingen som kan passe til sameige. Elles er eg grundig vaksinert frå tidlegare tider då det meste av utstyret alltid var opptatt eller øydelagt når vi hadde bruk for det ;-) Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
NRF Posted January 18, 2020 Share Posted January 18, 2020 Vær så snill å ikke kjøpe Kellfri, får vont i magen av å tenke på at det finnes folk som kjøper produkter fra de som må plages i alle år fremover. Ikke har de deler, ikke har de kompetanse, ikke har de samarbeidsvilje og ikke har de noe som ligner på kvalitet. Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
HansA_1 Posted January 18, 2020 Share Posted January 18, 2020 Jeg fikk en 2.40 kverneland for ca 50.000,- Det slår billigprodukter any day. Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
gmail_1 Posted January 18, 2020 Author Share Posted January 18, 2020 Er det av eiga erfaring? Høyrer gjerne om korleis desse slåmaskinene fungerer ?Eg har fleire ting av Kellfri-opphav. Sikkert ikkje fantastisk kvalitet, men langt frå så elendig som nokre hevdar heller.Spørsmålet er jo om det er "godt nok" til prisen? Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
gmail_1 Posted January 18, 2020 Author Share Posted January 18, 2020 Nytt? ? Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.