Gå til innhold

Hva skal jeg kjøpe?


Gjest

Anbefalte innlegg

Hei.

skal kjøpe en rimelig traktor (20-70000 kr) til bruk i lett vedproduksjon (hobby/eget bruk).

trenger å få løftet paller med 1000 liters vedsekker.

hva bør jeg kjøpe, ifht. Driftssikkerhet?

fungerer det med pallegaffler bak, eller må/bør jeg ha frontlaster?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er ein kjempefordel med lesseapparat. Trepunkten har for lite løftehøgd nesten uansett + ein blir veldig lei av å kople av og på gaffelen. For eg går ut frå at du skal ha vedmaskin, hengar eller andre ting på undervegs i arbeidet? Eller har du fleire traktorar i sving?

Har du frontlastar bør du ha firehjulstrekk. Evt lodd bak, men då er du låst med tanke på trepunkten igjen. Det bør og vere litt vekt i traktoren, viss ikkje blir det berre tull når du skal løfte sekkar og pallar. Det blir tungt frampå der. Du bør kanskje opp på minst 70 hk?

Skal du ut i skogen for å hogge veden og? I så fall kjem det attåt ein heil del omsyn. Somme traktorar er ubrukelege så snart du ser ein stubbe.

No er eg komen så langt at det berre er eldre modellar igjen å velje i. Då er det oftast meir viktig med tilstanden på den enkelte traktoren i høve til kva merke og modell ein skal velje. Du går glipp av ting som vendegir og elektronisk styring av hydraulikk, men då er det mindre styr som kan krangle og. Opp til 70 000,- er det uansett ikkje særleg aktuelt.

Enkelte ting, som tung klutsjpedal eller trang innstigning kan vere avslagsgrunnlag om det plagar deg meir enn gjennomsnittsbrukaren. Men der må ein nesten prøve den enkelte traktoren eller spørje seg for og håpe på ærleg svar.

 

Personleg ville eg styrt unna JD og MF, ikkje fordi det er dårlege traktorar, men fordi at dei er såpass populære at prisen blir høg i høve til det du treng. Valmet er og ofte dyre, men ikkje alltid.

Ein god gammal IH vil kanskje gje deg valuta for pengane. Ford og Fiat er populære og gode traktorar som ofte er fornuftig prisa. Same og Lamborghini er undervurderte og kan og vere gode kjøp.

Tidlegare var Zetor bankers, men dei er etterkvart blitt så dyre at det berre er å gløyme. Der er det som regel trøbbel med bremser og det er det best å sleppe.

 

Det enklaste er kanskje å spørje meir spesifikt om modellar, så kan det hende einkvan har gode innspel? :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Som gmail skriver så er det en veldig fordel med lesseapparat og 4wd, men det spørs jo litt hvor du skal bruke traktoren?

Er det stort sett på en flat vedplass så funker det med 2wd med laster, men det skal ikke være så veldig mye hellig før en setter pris på en 4wd :)

Av solide traktorer så har du f.eks

MF 675/690 pass på rust i hytta! Og slark ved styrekule (knokkelhus). MF 250/265 e.l er greie i 2wd, 4wd ville jeg holdt meg unna på disse.

500 serien kjenner jeg ikke til, går mange av disse som 2wd, hvor bra 4wd system er vet jeg ikke.

Fiat 580/680/780 er knallbra traktorer!! Sjekk clutch og elektrisk anlegg (sjelden alt elektrisk fungerer,men utrolige slitesterke og driftssikre traktorer)

De mindre Fiatene og 60-90/70-90/80-90 osv har også godt rykte.

Fordene kan gå veldig mange timer, men har også vært litt plaget med rust i kjølekanalene som fører til at motoren må overhales.

Litt enten eller på Ford har jeg inntrykk av, noen går 10.000 t+++, mens andre går 3-4000t før det er motoroverhaling (hvis det er byttet så skal det være bedre)

John Deere 1640/2040/2140 er bra traktorer og kan fungere godt.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Dakota

Takk for fyldige svar.

hvor høyt løfter man bak med pallegafler?

kommet over en Ford 6610, 83 modell med 5900 ar.timer. Hva med den?

også sett på en 74 modell MF 165 m/frontlaster 4000 arb.timer. Er den grei?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Løfter vel ca 80 cm høyt hvis jeg husker riktig? Litt forskjell fra traktor til traktor også..

Forden kan være grei den,tapp av litt frostvæske og se om den ser klar ut, er det bare grøt så hold deg unna!

Kan være rattgir på Forden,mange som ikke er noe glad i det, vi hadde en med og synes det var helt greit når en var vant til det.

MF 165 er solide traktorer, ikke allverden til komfort,men de går lenge..

Belarus har litt frysete rykte, men er en solid traktor som er litt tungkjørt. Har aldri hatt Belarus selv så skal ikke uttale meg så mye om de.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

men det eg er blitt fortalt at dei er vinglete og valtrete med dårlege bremser og styring. Elles går dei fort og er for såvidt bra nok. :-) Det går jo ein del av dei rundtom, og eg kan ikkje hugse at eg har sett spesielt mange stå forlatne etter vegane. Så dei fungerer nok dei og.

Kjem vel atter ein gong an på pris, bruk og behov. :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

er at det ikkje er så stor skildnad på om ein løfter 60 cm eller ein meter. Det blir uansett for lite til å stable pallar og sekkar. Viss alt skal handterast på bakkenivå og opp ein desimeter eller to er det til gjengjeld heilt greitt. Som regel meir oversiktleg og stabilt enn med lastar og ein tohjulstrekkar er (nesten) like bra som ein firehjulstrekkar. Bonus: Mindre svingradius. :-)

Men eg skal garantere at du ikkje skal arbeide lenge med det før du få lyst på lastar. ;-) Og då er du automatisk over på 4wd og litt vekt i rompa. 

 

Der er eg skeptisk til MF´en. Den er gammaldags og ganske tungkøyrd. Han har lite frigong og står fast på den minste tue.

Noko liten hydraulikkapasitet, så lastaren er nok treg. Girkassa er usynkronisert og styringa er ikkje alltid så veldig god. Hytta er oftast av primitiv type og tilbyr lite komfort.

Det er til gjengjeld nesten umogeleg å avlive ein slik ein, så det kjem an på kor mange timar du sjølv skal sitje bak rattet. Største spørsmålet er om han er stor nok til det du skal løfte.

 

Forden trur eg er meir mann for oppgåva. Sidan det er ein 83-modell har han sannsynlegvis første generasjon rattgir. Då er han litt kryptisk i sjaltemønsteret, men eg har hatt Ford 4610 av same type sjølv og veit at det er fort gjort å venne seg til. Frå -84 hadde dei vanleg H-gir, så dei som klagar på det må ta seg ein bolle. ;-)

Ein del Fordar av eldre årgong hadde trøbbel med kavitasjon i kjølevæska om ein ikkje passa på å bruke rett kvalitet væske. Det var store variasjonar, så enkelte gjekk problemfritt på rustvatn i år etter år, medan andre fekk tæring uansett. Men dei nyaste av desse problemmotorane var produserte for tretti år sidan, så ein traktor som går i dag har sannsynlegvis enten fått ny motor tidlegare eller vil aldri få dette problemet.

 

Er det denne? https://www.finn.no/b2b/agriculturetractor/ad.html?finnkode=93883550

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...