Gå til innhold

Hvilke grashøstesystem anbefales?


Anleggsbonden

Anbefalte innlegg

Hei.

Skal til å kjøpe nytt slåtteutstyr har nå lessevogn med 31 kniver og presser det eg ikkje får plass til i dagens tårnsiloer alt grovfor tilsettes ensileringsmidel.  eg har ny slåmaskin rive og rundballepakker men lessevogna er moden for utskifting og  blir byttet inn eller solgt nå  . Eg er egentlig godt fornøyd med lessevogna men lurer på gå over til rundballepresse og kjøre alt i baller, eit annet alternativ er å kjøpe finsnitter . Eg bryr meg egentlig ikkje så mye om hva som går raskest av desse alternativene det eg er på jakt etter er eit system som gir mest mulig stabil og best kvalitet på foret  . Hva anbefaler folket her inne og hva er dykkar erfaringer med desse systemene. Driver med melk 150000L og kjøttproduksjon fult påsett og innkjøp av kalver samt at eg planlegger eit bygg til ca 30 ammekyr  .Holder til på vestlandet med varierende terreng og vær.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har lessevogn no og er veldi fornøgd med den. Om eg skulle forandre høstelinje, måtte det blitt finsnittar pga kvaliteten på graset. Men om eg hadde gode siloar, å slåttehjelp er vanskelig å få tak i, ville eg gått for lessevogn igjenn, då finsnittar kreve meir mannskap om en skal vere effektive å sleppe å koble av og på heiletida. Rondballar hadde ikkje vert et alternativ. Godt alt so er komt i silo. Eg hadde sikkert valgt lessevogn igjen pga at den er veldi effektiv, gjer godt for, å er veldi behagelig å bruke?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest GunnarF

Er det aktuelt å prøve dette?  Graset blir hausta  i ballar med nett med rundballepressa,  Deretter blir ballane kjørt til siloen med klyper framme og bak, på tilhengar eller anna transportutstyr.  Ballane blir så lempa oppå passande riveutstyr (rundballekuttar, matebord eller avlessarvogn utan sidekarmar) med fjerna nett.  Så blir ballen riven opp, og enten direkte eller med matebord går graset i siloen.  Lessevogn eller finsnittar er det ikkje nødvendig å investere i.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anonym

Veit om nokon som gjorde dette på littegrann i fjor. Graset var slått og snittaren streika totalt. Trur ikkje effektiviteten var det heilt store. Matebordet greidde ikkje å rive ballen, så dei måtte riste han utover  matebordet med frontlastar. Trur både traktor og lastar fekk godt med juling den dagen... Resultatet på foret har eg ikkje høyrd noko om, men teoretisk sett skal jo det ha gått bra. I mine auge er detta ei nødløysing.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Kjøp det som gjev best totaløkonomi. Det finst maskinar av alle slag og mykje er sikkert heilt ypperleg! Men det er til sjuande og sist dei 150 tonna med mjølk som skal betale maskinar og arbeid.

Sjølv driv eg med 150 tonn mjølk og har stort sett bratt jord. Eg har slåmaskin saman med nabo så eg slår alt sjølv, men har entreprenør til å gjere resten av slåtten. 153 kr/ball med 8 lag plast. Innkjøp, vedlikehald, reparasjonar osv slepp eg unna. Og eg sparar mykje tid.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...