Gå til innhold

Lønnsemd gamle kurasar


Gjest

Anbefalte innlegg

I skrivande stund har eg sviktande helse og ein typisk nordvestlandsgard med omlag 20 mjølkekyr.

I samråd med Nav skal eg redusere arbeidsmengda på garden og det er planen å halvere talet på mjølkekyr. Eg veit jo at 10 kyr ikkje vil seie 50% av arbeidet, men kanskje 75%.

 

Eigentleg skulle det vore omvendt og redusert arbeidsmengda med 75% slik at ein kom ned på tilsvarande ei halv industriarbeidarstilling og ikkje slik som no når eg kanskje vil tangere arbeidsmengda til ei heil industriarbeidarstilling.

 

Men slik er det å drive gard, eg vil gjerne halde drifta i gong og strekkjer meg langt for å få det til.

 

Det blir mykje spekulering på korleis ein kan halde garden i sving på best mogeleg måte og ein tipsa meg om at eg burde satse på gamle kurasar sidan ein får meir tilskot til slik drift.

 

Men dei mjølkar jo mykje mindre og den erfaringa eg har hatt med dyr som har vore her i fjøsen har vore elendig.

 

Har hatt seks-sju meir eller mindre reinrasa vestlandsk raudkolle for nokre år sidan og alle enda på slakteriet etter ein eller to laktasjonar grunna lite samarbeidsvilleg lynne.

Dessutan mjølka dei berre ti liter for dagen og det var jo heller ikkje noko god søknad for å vere med vidare.

 

Er det andre rasar som høver betre, bør eg tenkje motsett og satse på Holstein i staden eller kva bør ein gjere?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 uker senere...

Det er vel ingen tvil om at de gamle rasene gir mindre mjølk, ned mot halv mengde ifht NRF. Men 10 ltr for dagen, det var da skrale greier. Telemarksfe gir i gjennomsnitt 15-17 ltr per dag. Trur det er viktig å handle dyr fra en mjølkeprodusent som har en viss oversikt over mjølkeytelse og kvalitet i ledda bak kalven.

 

Klipper inn tekst fra Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, fra en sammenligning mellom NRF og Sidet Trønder og Nordlandsfe (STN):

 

&quot\;Forsøket startet ved kalving og ble avsluttet etter vel 100 dagers laktasjon. Første del av forsøket fikk kyrne rundballer av gras-kløversurfôr fra 3.slått og i siste del gras-/ kløversurfôr fra 1. slått konservert i silo. Kvaliteten av surfôret i hele forsøkstiden var yppelig, med en gjennomsnittlig energikonsentrasjon rundt 1,0 FEm og et råproteininnhold på 160 g per kg tørrstoff.

 

Resultatene viser at begge kurasene tok opp store mengder grovfôr. Totalt daglig opptak av tørrstoff var 17,8 kg hos NRF kyrne og 13,6 kg hos STD kyrne. Mellom de to rasene var det stor forskjell i levendevekt idet NRF kyrne veide i middel 585 kg og STN kyrne 455 kg, og per kg kroppsvekt eller stoffskiftevekt var det ingen sikker forskjell i opptak av tungtfordøyelige celleveggsstoffer (NDF) mellom de to rasene. NRF kyrne produserte daglig 26,3 kg mjølk og STN kyrne 16,1 kg, en forskjell som var statistisk sikker. STN kyrne hadde imidlertid påviselig høgere konsentrasjon av fett, protein og laktose i mjølka enn NRF kyrne. For protein var forskjellen mellom rasene 0,2%-enheter (3,33 versus 3,11).

 

Det var likevel stor og sikker forskjell i daglig produksjon også av energikorrigert melk (EKM)\; 25,4 kg hos NRF og 16,3 hos STN. På grunn av forskjellen i mjølkemengde produserte NRF kyrne påviselig mer melkeprotein, -fett og -laktose enn STN kyrne. I forsøkstiden hadde NRF kyrne et vekttap på 475 g/dag, mens STN kyrne la på seg 60 g daglig.&quot\;

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er, i mine auge, ikkje noko eintydig svar på spørsmålet ditt då det avheng av kva du legg i lønsam produksjon på din gard.

 

Har sjølv nokre Vestlandsk Fjordfe i tillegg til NRF. Små nette kyr, med godt lynne. Tek beite godt. Nyttar grovfor godt, et mindre og treng mindre vedlikehaldsfor enn større NRF. Dei får same mengde kraftfor pr kg mjelk som NRF, så førehandstalet der er det same.

Mine kvige mjelkar 15-20kg/dag, kyr på tredje laktasjon 26-32kg/dag.

 

Tilskottsmesdig gjev dei ein til to tusen meir pr mjelkekyr, så det er ikkje tilskotta som gjer at dei står i fjøsen min.

 

Alle dei gamle rasane har landslag med eigne heimesider på nett, nokre også på Facebook. Der vil du sikkert finne mange raseentusiastar som vil fortelje deg om rasane sine fortreffelegheiter.

 

Lukke til med vanskelege val.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...