Gå til innhold

Melkegeit


Gjest

Anbefalte innlegg

Har ein draum om å starta med geiter, men lurer på kor mykje for dei treng. Har 26 mål fulldyrka mark og 20 mål som var dyrka for mange herrens år sidan, men det er vel muligt å få det dyrka igjen. Pluss ca. 7 mål rundt hus og garasje. Held dette til 100 vinterfora geiter?

Tenkte å starta til neste år med 10-15 geiter, da å ta øve heile garden ikkje skjer med det fyste. Kva er krava til melkeanlegg og greier? Ser at Delaval har ei spannmelkeanlegg, går det an å bruka?

 

Som de sikkert skjønnar so har eg null erfaring, men lyst og læreviljen e på plass!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dersom det er god jord med god avling klarar du deg fint med 50 daa slåttemark til 100 geiter. Men du må ha innmarks/utmarksbeite i tillegg. Du skriv ikkje om garden din har kvote. Hvis ikkje er det omtrent umogleg å starte opp som nyetablerar. Dessutan vil Tine kun hente mjølka di dersom det er leveranse i kommunen frå før. Spannmjølkeanlegg til 100 geiter blir nok ein tolmodigheitsprøve. Greit nok til 15-20 stk. Skal du ha eit nytt, skikkeleg anlegg bør du sette av iallefall ein halv mill. Det er ikkje meininga å vere negativ, men realitetane er berre slik...
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest billy_the_kid_1
Låner tråden litt av rein nyskjerrighet. Kor mykje melk gir ei geit til dagen, og kor mange liter melk til 1 kg geitost?
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mellom 2 og 5 liter til dagen alt etter ytelsesnivå i besetningen og tidspunkt i laktasjonen. Ei god geit gir over 1000 liter i året. Til 1 kg ost går det omtrent 10 liter mjølk.
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest foddnar_1

Fult klar øve at spannmelkeanlegg til 100geiter kan bli noko tuske.

Om besetningen skulle bli so stor som 100 geiter blir det parallel stall og greier.

Tenkte på spannanlegg berre for &quot\;moro&quot\; til å begynna med, når ein kun har 10-15 geiter. Er fleire geitebønder i nærheten. Ingen kvote på garden nei. Er det virkelig so vanskelig å få tak i?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...