Guest Posted July 12, 2013 Share Posted July 12, 2013 Vi skal kjøpe oss et lite småbruk på kanskje 50 (maks 100) mål.. Jeg har alltid villet hatt skotsk høylandsfe, men regner med at dette er for lite plass til de, viss man også skal få nok for, så de har over vinteren. Derfor har mange anbefalt meg Dexter kyr, de var perfekte for småbruk har jeg fått høre, noen som kan noe om de, og evt vet hvor mye beite disse ulike skal ha, og hva som kunne passe for et småbruk av en sånn størrelse? Link to comment Share on other sites More sharing options...
Guest Torx_1 Posted September 6, 2013 Share Posted September 6, 2013 http://dexterforeningen.se/dexterkor_vad.html Link to comment Share on other sites More sharing options...
Guest Anonym Posted September 6, 2013 Share Posted September 6, 2013 Spørsmålet er jo først og fremst kva du skal bruke kyrne til. Skal dei berre vere beitepussarar, skal dei på utmarksbeite om sommaren slik at heimearealet skal haustast til vinterfor, skal du drive med mjølkeproduksjon, kjøt eller livdyr? Dexterkyr er heilt greie, men idiotisk overprisa. Så viss du ikkje skal drive med stambokregistrert livdyrsal til andre som skal ha overprisa småkyr ser eg ikkje heilt poenget med dei. Skal du selje kjøt må du ha ein kjøtrase, eg vil anbefale Hereford, då dei er ganske lettstelte, har godt lynne og ikkje blir altfor store. Om du skal mjølke er sikkert NRF like greit. Det er den beste kombikua for norske tilhøve. Dei er ganske tunge for innmarksbeite, så der er Jersey betre. Viss du berre vil ha kyr utan å legge mykje vekt på kor mykje mjølk eller kjøt du får frå dei (for ærleg talt er det ikkje store gevinsten å hente i noko fall) vil eg slå eit slag for ein av dei gamle rasane, gjerne den som ligg geografisk mest "\;korrekt"\; til for deg. Desse kyrne slit i motvind når det gjeld avlsarbeidet og det er sårt tiltrengt med alle som vil vere med på ein ku-lturell dugnad. Dei er jamnt over nøysomme og friske dyr som lett tek kalv og sjeldan har plager av nokon art. Minuset med dei er at dei er ofte nokre utkropne små demonar som veit kva dei vil, sjølv om det ikkje alltid er slik. Jamnt over har dei alle fordelar med rasane du nemner, pluss nokre til. Og 50-100 mål er meir enn nok til å drive gard på. Du blir iallfall ikkje arbeidslaus. Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Archived
This topic is now archived and is closed to further replies.