Gå til innhold

bytte bremser på mf 240.


Gjest

Anbefalte innlegg

Gjest øystein_1

Hei.

Er det ikke våte bremser på MF 240?

Hadde en MF 250 en gang, og mener å huske at det var våte bremser på den.

Er ikke no stor sak å bytte bremser uansett, men kanskje noe mer arbeid en på 135 med tørre bremser.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

MF 250 har våte skivebremser. MF 240 har trommelbremser.

 

Du har bruk for eit breitt skrujarn for å skru ut 2 skruar på kvar trommel. Det er fjører i dette systemet som skal spennast opp, så BRUK vernebriller.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja!

 

Hjulet som skal avmonterast, er ein del større, og det er ikkje noko hydraulikk på traktorbremsene. Er problemet svake bremser, kan du starte med å stramme bremsene utan å ta av hjulet.

 

I bakkant på innsida av hjulet er det ei luke. Press den fram- eller bakover. Innafor den er justeringa av bremsene. Her skal du sette inn eit skrujarn eller liknande. Litt innafor stansar jarnet i bremsejusteringa. Du fører jarnet mot bakakselen (trur eg) når du skal stramme. Bremsene må ikkje vere tilsett når du gjer dette. Du strammar til det ikke er meir å gå på. Så tek du ein eller to omgangar tilbake. Då er bremsene frå. Så er det berre å prøvebremse om dei tek jamt. Du justerer litt på samme måte til dei er jamne.

 

Er bremsene framleis svake, kan du ta av trommelen og dra ei fil lett over for å ta bort eventuell belegg som kan ha lagt seg på bremsebandet. Hjelper ikkje dette, er det nye band.

 

Eg kan legge til at trommelbremser kan vere lunefulle. Perfekte bremser ein dag, kan vere dårlege neste gang. Så kan dei vere gode igjen. Kvaliteten kan også variere frå traktor til traktor.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...