Gå til innhold

Fransgård komirive TI 6000, erfaringar?


Gjest

Anbefalte innlegg

Er det nokon her inne som har erfaringar med Fransgård si kombinerte sprede- og samlerive som heiter TI 6000. Konseptet ser bra ut på papiret, med mulighet for spreiing av graset og samanraking til ein senterskår, ein sideskår eller to skårar. Hadde vore fint om nokon kan gi tilbakemeldingar på korleis riva fungerer i praktisk arbeid.
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest billy_the_kid_1
Har ikkje kjørt denne sjølv. Men eg trur det er ei bedre samlerive eller sprederive/vender. Dette pga to roterer på så stor bredde.
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anonym
Me brukar ei ein-rotors Krone rive med arb. bredde 4,2 meter i dag. Kjører med JF 850 finsnittar. Krone riva fungerer greit, men på 1. slått så blir det i meste laget å rake saman to strenger. Ser ôg for oss at det er lettare å få fine strenger med ei to-rotors rive, men dei fleste to-rotors river er så store. Den minste til Kuhn kan vera eit alternativ. Me har ôg tenkt på spreierive for å få fortørka graset jamnare og raskare. Kjører med Kverneland 3,2 m slåmaskin, og syns ikkje breispreiinga fungerer optimalt, særleg ikkje der det er bratt sidevegs. Kunne difor vore greit å slått graset på normalt vis, og kjørt sprederiva når stubben har fått tørka litt. Grunnen til at me begynte å interessera oss for Fransgård-riva er at då får ein ei lita to-rotors rive, med variabel arbeidsbredde (praktisk i forhold til å justera mengden gras i strengen) og ei rive som ein også kan bruka til å spre graset med. For å seie det slik så meiner eg vel at eigenskapane for samanraking er viktigare enn eigenskapane for breispreiing. Skal ein kjøpa for eksempel den minste Kuhn torotors-riva og ei eiga sprederive nærmar ein seg 150-200.000 i kostnad. Kan ein då få ei rive som kan gjera begge deler på ein tilfredstillande måte til rett over 60.000 er jo det gunstig. Må leggja til at me slår ikkje meir enn om lag 160 mål. Men det er jo sjølvsagt viktig at utstyret virkar dei dagane ein skal bruka det, særleg med det ustyrlige veret me har no for tida.
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...