Gå til innhold

Tvillinghjul på xeobib


Gjest

Anbefalte innlegg

Har nh 6040 med xeobib 650/60r38 idag. 250 cm brei traktor. Har eindel bratte bøar og eindel myr/lite køyresterke bøar. Vurderar tvilling på dette. Eit alternativ er då radrensarhjul (270/95r48). Dette bygger omlag 37 cm på kvar side,altso blir doningen 324 cm brei. Prislappen på dette er ca kr. 40 tusen +mva.

 

Er det verdt det? Blir stabilitet i sidehelling mykje betre? (Kvelva avlessarvogna i denne slåtten og då holdt den på å ta med seg traktoren , var oppifrå med eine bakhjulet før vogna vrei seg ut av kroken)Vert flyteevna på myr mykje betre? Vert framdrifta betre?

 

Har og nokre 600/65r38 på felg som eg kan nytte som tvilling. Då vert doningen veldig brei, men skulle tru at flyteevna vart mykje betre. Igjen med dette på får ein jo problemet med at indrehjulparet i krappe svingar spinn/rotar i bøen.

 

Er det eit alternativ å ha eit 600 hjul på eine sida og eit radrensarhjul på andre sida?

 

Eller er eg heilt på jordet her?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...