Gå til innhold

Horisontalfres -hvilken er best?


Gjest

Anbefalte innlegg

Gjest Anonym

Horisontalfres til fornying av eng er ikkje nødvendig. Ei vanleg S-tinne fjørharv gjer samme jobben til ein langt lågare kostnad.

 

Eg har i nesten 10 år brukt berre fjørharv når eg skal fornye enga. Kolleger omkring meg gjer også det samme. Plogen blir berre brukt når arealet er ujamt etter grøfting, fjerning av stein eller oppkjørt. Mi erfaring med dette er at avlinga etterpå blir like bra som ved å pløye. Ein kollega fortalte at han pløygde ein del av eit stykke der det var setningar etter grøfting. Resten blei berre harva. Det var ikkje råd å sjå kor skillet gjekk mellom pløygd og upløygd.

 

Eg har erfart at ein kan få kraftigare oppgroing av ugras samanlikna med å pløye. Må ein likevel sprøyte gjenlegget, utgjer dette ikkje noko ekstra kostnad.

 

Poenget med jordarbeidinga er å lage opningar i det daue plantedekket, slik at frøet får kontakt med jorda. Dette greier fjørharva like godt som horisontalfresen. Men den er dårlegare til å planere ujamnheter i overflata. Harva har også problem med tiltetting av stubb dersom den ikkje er knust med beitepussar, forhaustar eller liknande. Men dei fleste har både harv og pusseredskap ståande. Då blir innkjøp av horisontalfres berre ein ekstra kostnad å dra med seg.

 

Pløying før harving gir eit penare såbed enn den ruskemarka som blir etter fjørharv og rotorharv. Og det er også lettare å sjå kor ein har kjørt forrige sådraget. Men eg går heller nokre gonger av traktoren for å sjå etter forrige hjulspor når eg sparer mykje tid med pløying og steinplukking.

 

Til slutt vil eg berre ta med at etter berre harving, er erosjonsproblem ved kraftig nedbør før såbedet tilgrodd, omtrent fråverande. Korleis er det med pløygd areal?

 

Den einaste plogen som eg brukar, er ein nybrottsplog som eg brukar til å rive laus steinar som eg ikkje får laus med hakke.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bache_G_1
Rune: er fullstendig enig med deg i at man ikke skal sette bort plogen, men hvor stor er effekten med den pløyinga som utføres idag? om du drar rundt på bygdene er det jo blitt virkelig sjelden å se skikkelig fin pløying. de fleste driter vel i å stille inn plog og traktor.
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Svenis_1
Har en Feraboli TOP. Det begynner å bli sprekker i topplata akkurat ved foten av den bulken som topplageret står i. Er usikker på om en sveis vil lage nye sprekkanvisninger. Er det noen som har hatt dette problemet?
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest NGK_1

Hei!

 

Sporar litt av, men har ein Kverneland NGS 3 meter og må skifte tinder. Er det muleg å få tak i billigare \&quot\;kopi\&quot\; tinder? og i tilfelle er dei å anbefale? Ellers er eg svært fornøyd med denne fresen, har gått 2 sesongar i svært varierte forhold med mykje stein, og har kun knekt ei tind.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest viksen_1

Har selv en Maschio horisontalfres med såkasse og pakkevals.

veldig godt fornøyd med denne.

ny pris 98000 hos aase landbruk

min er et år gammel og jeg har den til salgs for 75000

 

tlf 92247222 visst oen er innterresert

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 11 år senere...

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...