Gå til innhold

Kalveforingsautomat for småbønder


Anbefalte innlegg

Ser at det er fleire trådar om kalveforingsautomat her, men eg startar likevel enno ein sidan eg ikkje heilt finn ut det eg lurer på.

 

 

Eg har ikkje mange dyr, ein rundt 20 kalvar for året for øyeblikket. Desse går i to bingar attmed kvarandre og siste åra har eg seldt 5-6 oksar ved 2-3 mnd alder pga plassmangel.

 

Derfor treng eg ein automat som er kompakt og ikkje brukar opp for mykje av plassen.

 

Eg er ikkje interessert i å bruke mykje tid på vask og vedlikehald, då kan eg likegodt bruke bøtter og fore manuelt som no. Det må og vere noko som er driftsikkert og solid.

Hovudmotivasjonen for automat er imidlertid å sleppe det fysiske arbeidet med bøtteforing, samt å ha litt betre kontroll på kva kalvane faktisk får i seg av mjølk og kraftfor.

 

Det er og litt usikkert om eg bør ha ein som gir kraftfor i tillegg til mjølk. Ser føre meg mykje styr med fylling av automaten, men ein bør jo bruke kalvekraftfor som eg kjøper i småsekkar og då blir det kanskje ikkje så mykje ekstraarbeid med det likevel?

 

Har prøvd å sjekke litt prisar og slikt på nettet, men ingen leverandørar skriv jo ein døyt om det. Så lenge eg ikkje veit kva eg evt skal ha blir det jo nesten umogeleg å spørje dei heller.

 

 

Så då er spørsmålet kva alternativ eg har? Takknemleg for alle innspel!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...