Gå til innhold

Furuberget

Bruker
  • Innlegg

    12
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Furuberget

  1. Hei! Svar er kanskje aktuelt endå? Eg er i same området som deg. Eg har ingen egen beredskap, men har ein minstepris innbetalt på forhand, som er 15x pris pr gang. Då får eg dekt inn kostnadene som eg må ha dekt før sesongen. Brøyter eg meir en 15x, blir det ekstrabetalt, brøyter eg mindre, er det min gevinst. Eg pleier å dra ut samtidig med kommunen i utgangspunktet, men har dette som tilleggsjobb. Kundane er klar over at det kan bli forsinkelse, så eg ligg nok også i nedrekant prismessig av den grunn. Eg veit om nokon på Tromøya som betaler kr 3000,- i rein beredskap + 10x i forskot. Dette blir heller ikkje refundert om det blir færre enn 10x brøyting. (Sørlandet er gjerne få runder med brøyting i sesongen, men blir fort 2-3 døgn i strekk når det først kjem) For 450 veg uten nokon utfordrande parti, eller andre hensyn, hadde nok blitt rundt kr 600,-/gong. Så kjem evt om det skal brøytast inn til det enkelte hus i tillegg.
  2. Testen frå januar, er jo eit kurant tips, sjølv om den ser på traktor i størrelse 120hk. Men dei fleste som er testa der, har ned mot 90hk i same serien. Eg har vurdert MF til same opplegg som du, då nærmaste forhandlar sel det og Fendt (som blir for dyrt for mitt bruk). Men såg i testen at Claas kom bedre ut, og særleg plass i hytta for lange kropper, så blei det nytt å vurdere for min del. Men som testen seier, og også Kvardagsbonde over, er det ikkje dei store skilnadene lengre.
  3. Treng ein liten innføring i PTO-aksel, då det fins både med friløp, høgre/venstre, smatre og ulike vinkler mm. Når må ein ha noko meir enn kun aksling med brytebolt? Og friløp til venstre, er det beregna for kraftuttak der akseltappen går mot klokka, når ein står bak traktoren og ser? Prøvde å søke litt info på nettet om dette, men fann lite. Savner ein liten guide for nybegynnere på dette. Særleg når det ligg an til fullt havari på girkassa viss ein brukar feil aksling...
  4. Takk for innspill! Då spørs det om det blir å låne/leie ein krattknuser i første omgang for å få slått ned krattet. Kan eg heller vurdere beitepusser seinare når det lignar meir på eit vanleg jorde...
  5. Hei! Eg har ein 100hk sidan eg har ei brøyterode. Så den skal klare ein relativt grei beitepusser. Men det var mest om det er stor forskjell på det som kallast krattknuser (dei med kniver og ikkje kjetting), og det som kallast beitepusser, eller om det i realiteten er det same
  6. Litt grønn på dette feltet (eller snarare langt frå grønn), men har overtatt eit småbruk med omlag 5mål som tidlegare har vore dyrka. No er det mykje kratt, mange våtområde pga manglande drenering, og eg tenkte å få dette til å likne på ei eng som ein iallfall kan gå tørrskodd på. Sett etter noko å slå over med traktor, og ser at både beitepusser og krattknuser går litt i kvarandre av omtale. Kva er mest hensiktsmessig? Ser egentlig for meg at beitepusser er mest aktuelt. Evt andre innspill? Og er det nokre av billigmerka som kan anbefalast? Evt nokon som må styrast langt unna?
×
×
  • Opprett ny...