Hei! Eg og min far er litt rådlause angåande eit problem med vår kobelco 903. I slutten av fjor sommar fekk vi problem med at maskina slutta å gi effekt då den når driftstemperatur, og til tide stoppar. Dieselfilter er bytt i håp om at det kunne vere det som gjorde det, men dessverre forsvant ikkje problemet. Virkar som problemet ligg ein plass i dieseltilførselen. Lurte på om her var nokon som kanskje kan ha vore borti same problemet før eller kan ha nokon tankar om kva som kan vere feilen.
Takkar for alle svar.
Hei. Sjekk sil i banjokoblinga inn på matepumpa. Hadde 903B i sin tid og denne denne er lurt å rense.
Har no rensa filteret og maskina går som ein draum. Takkar so mykje for rådet, det sparte oss mest sansynleg for ein del skruing og mykje hovudverk.