Gå til innhold

Direkteså i gammal eng


gmail_1

Anbefalte innlegg

Eg slår nokre mål med gammal eng som nesten ikkje kastar noko av seg. Av ymse grunnar er det ikkje aktuelt å bruke plogen og/eller lage åker, derfor lurer eg på å direkteså litt.

 

Spørsmålet blir då kva slags frø som gjev best resultat, mengde, når på året, gjødsling, evt brakking og anna som folk kan ha synspunkt på?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anonym

Hei. jeg har hørt at gammel eng....eldre enn 10 år danner seg et frødrepende lag i øverste sjiktet og er derfor vabskelig å direkteså i.

 

men kan du skålharve?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anonym

Har same problemstillinga sjølv. Har prøvd å harve litt i torva og strø ut frø og tromle dei nedi, men det kan knappast kallast nokon suksess. Beste erfaringa mi er å legge best mogeleg til rette for dei plantane som finst der, som faktisk kan yte noko. Etter eit par år får vi akseptable og stabile avlingar.

Kalking er eit veldig viktig stikkord, og passeleg gjødsling. Pluss kan hende litt kjemisk ugraskamp, men erfaringa her er at kalken er effektiv mot mykje av det som ikkje er bra. Mosen er i stor grad borte, og det same gjeld syregras og soleie.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anonym
Det verste som kan skje, er jo at verdien av frøet går tapt. Det beste som kan skje, er at du får godt tilslag. Du vil neppe sjå noko til det nye graset første året, men kanskje i år nummer to. Hugs å køyre gjødselvogna på omrøring frå du blandar inn til du spreier ut, så ikkje alt frøet kjem på ein plass...
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anonym
bløyt frøet i ei bøtte vatn før du blander i vogna.....ellers blir frøet verande i ein klump i skiten. Har du vogn med toppfylling kan du kansje dosere litt mens du fyller?
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anonym

Det første som må gjerast, er å ta livet av det som veks der frå før med roundup. Er det mykje stubb som står på stykket, må den knusast med beitepussar, forhaustar eller liknande. Ved store mengder må den helst kjørast bort.

 

Dei siste 10 åra har eg brukt ei vanleg S-tinneharv som eg har kryssharva arealet som eg skal fornye. Åkeren ser ut som ei ruskemark etterpå. Til å så med har eg brukt ei vanleg grasfrøsåmaskin. Dersom ugras begynner å etablere seg etter såing, vil eg på det sterkaste tilrå sprøyting.

 

Dette er redskap som dei fleste har frå før. Ved kraftig nedbør etter såing, er det minimal fare for jorderosjon. Og til slutt er steinplukkinga kraftig redusert samanlikna med pløying før harving.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Anonym

S-tinneharva er er fjørharv med S-tinnar av merket Kverneland. Harva skal gå nokre få centimeter ned i jorda for å rive opp overflata. Feltet blir ikkje sjåande ut som ein åker etter pløying. Det ser ut som ei ruskemark lik det som blir etter fresing av stubbeng.

 

Du treng ikkje frykte for graving av vatn i feltet dersom det skulle komme mykje nedbør. Ein kollega fornya eng i sidehelling på denne måten for nokre år sidan. Like etter såing kom det kraftig nedbør. Han gjekk over stykket etterpå og fann ikkje antydning til at det var teikn på utvasking/graving.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anonym
På gamal godt etablert grasmark vil ein ikkje kunne tilby grasfrøa gode nok forhold til å etablere seg. Bruk S-tindharv så får du eit godt såbed med lute arbeid
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...