Du er her

geitas bilde
geita
Logget av
Innmeldt: 27.02.2017
Sommargeiter

Hei!

Me sysler med idéen om å ha eit par kje gåande på tomta i sommar. Me har ikkje moglegheit for vinterforing eller plass til å ta dei inn, så hovudpoenget er tomterydding frå april/mail og slakt til hausten. Prøver å finne litt informasjon, men håper også nokon her kan hjelpe med svar på nokre spørsmål? Er to kje nok, eller må dei vere fleire for selskapets skuld? Me har ca 5 mål som er inngjerda, vil dette vere tilstrekkeleg størrelse mtp mat? Ser for meg å tilleggsfore noko, men at hovudforet er frå marka. I inngjerdinga står det ein liten gapahuk, vil dei trenge tett fjøs i sommarhalvåret, eller held det med tak over hovudet?

geitebondens bilde
geitebonden
Gjest
Hei

Hei

Hvis du har ca 5 daa med ok beite kan du ha mykje meir enn 2 kje. Du bør kanskje ha 10-15 stk for å få nevneverdig effekt av beitinga for å halde vegetasjonen nede. Uansett er dei glade i selskap, så 2 er eit minimum. Dei greier seg godt ute utan tak over hovudet, men ein gapahuk er sjølvsagt alle tiders både når det er sterk sol og kraftige regnbyger. Dersom beitet er av god kvalitet treng dei ikkje tilleggsforing, men ein neve kraftfor til dagen gjer underverk med å halde dei tamme. Hugs at skal du halde gjerde for geiter bør det være høgt og vanntett som han skreiv ein debattant i eit tidlegare innlegg her på forumet. Litt å overdrive kanskje, men dei er flinke til å bryte seg ut om du har straumgjerde med dårleg straum eller nettinggjerde som er for lågt eller kan krypast under. 

geitebondens bilde
Jon Bonde
Gjest
Min karriære som sauebonde

Min karriære som sauebonde startet med 9 kopplam og 1 bukkekje som fikk "ansvar" for ca 2-3 daa åkerholmer rundt gården en sommer. Det holdt faktisk ganske bra som beite til disse dyra. Med litt supplering i blomsterbed og plen osv. spesielt når det gjaldt bukkekjeet. Den var forsåvidt også innom kjøkkenet noen turer. Riktignok er det stor forskjell på unge dyr og voksne dyr, og førsteårs beiting etter beiteopphør kontra beiting på lengre sikt. Det vil tape seg ganske formidabelt på kort tid, både i kvalitet og mengde, samt at snylterproblematikken tiltar etter noen år. Kopplamma fikk forsåvidt også bra med melk fra automat i starten, og kraftfôr utover høsten.

Sist sommer klarte jeg å holde to værer relativt feite på halvparten av det arealet som 9 kopplam + 1 bukkekje levde godt på en sommer, og de holdt beitet ganske godt nede (og de trenger heller ikke allverden å spise for å holde seg i godt hold....)  

Hvis du virkelig skal rydde arealet - kjøp gris!

 

geitas bilde
geita
Logget av
Innmeldt: 27.02.2017
Takk for innspel! Det virkar

Takk for innspel! Det virkar egentleg ganske overkommeleg å prøve seg som hobbygeitebonde i sommar. Gris hadde vore moro, men trur det lyt vente til me eventuelt har bygningsmasse til det, gapahuken som allereie er på beitet eignar seg dårleg for gris. Eg er van med sau frå før, men geiter er nytt, så er det andre ting som er nyttig å tenke på? Kan to bukkekje gå saman, eller vil det verte hierarkikrig? Er det forskjel i kjøtsmak på bukk og geitekje (for ordens skuld, me ser for oss heimeslakt til eige bruk)? Kva treng dei av kur/vaksinar/medisinar?

geitebondens bilde
geitebonden
Gjest
2 bukkar kan godt gå ilag.

2 bukkar kan godt gå ilag. Dei vil nok slåst litt til å begynne med, men til forskjell frå værer er det ingen fare for at dei drep kvarandre. Sjølv bukkar som har gått ilag inne gjennom vinteren stangar seg til blods så snart dei kjem ut. Du kan godt ha ein av kvart kjønn, men dei vert tidleg kjønnsmodne. Ofte etter berre 4-5 mnd alder. Dersom beitet ditt ikkje har vore brukt på ei stund, er det liten fare for innvollssnyltarar. Du kan evt gi dei Curaverm e.l. ei veke etter beiteslepp.  Kje som går på intensiv oppforing med kraftfor i tillegg til godt beite vert vaksinerte for pulpanyresjuke, men det treng du ikkje tenke på om dei kun skal ete gras. Om flått er eit problem hjå deg bør du kanskje vurdere eit middel mot utvortes snyltarar. I gamle dagar brukte vi Neocidol, eit veldig effektivt middel. Dette er dessverre ute av markedet, men med mindre du har ståande restar av det kan du bruke Coopersect. Bukkar som stangar seg til blods kan lett tiltrekke seg fluger som gir flugemark. Dette er vanlegast på vaksne bukkar. Likevel bør du vere obs på det, for det går veldig fort mark i opne sår når det er varmt omm sommaren. Det kan kanskje være lurt å snakke med veterinæren din og høyre kva han anbefaler av behandling m.m. i ditt område.