Gå til innhold

Fornuftig slåtteutstyr


gmail_1

Anbefalte innlegg

Vi har ikkje mykje areal, men det er fordelt på ulike teigar. Graset blir slått med skiveslåmaskin med stengelknekkar, moderat fortørka og pressa med Orkel 1250. For tida er eg i tenkeboksen med tanke på slåmaskin då den vi har ikkje er så godt tilpassa dei mest kronglete teigane. Litt av same grunn har eg lurt på om eg skulle hatt ei samlerive for å redusere køyringa med pressa.


Men det er jo eit kost/nytte-aspekt her. Det er heilt umogeleg å kjøpe nytt utstyr av konvensjonelt opphav pga pris, og ærleg talt er eg dritlei gammal reiskap som har eitt bein i grava. Eg kan jo sjølvsagt leige slått og pressing, men det er eit problem at dei aldri kjem når det passar, og at dei er lite fleksible på alle måtar.

Etter å ha googla og leita med lys og lykte sit eg igjen med diverse alternativ eg må gjere meg opp ei meining om:

Kellfri har rimelege slåmaskiner utan stengelknekkar. Under 40000,- for 250cm brei maskin.
BCS har gammaldagse fingerslåmaskiner med ny teknologi. 45000,- for 242 cm. Der er også andre som har liknande maskiner og eg har sett at dei er populære i alpelandskap pga lita vekt og fordi teknologien gjer at dei tilfredstiller krav til slått i sårbare område. Men eg veit lite om korleis dei fungerer i våt andreslått på nordvestlandet. Om eg kjøper ein av desse må eg uansett kjøpe rive. Så er spørsmålet om eg ikkje ville gjort det uansett? Eit anna spørsmål er kor rimeleg ein kan sleppe unna der?

Er det andre billegalternativ eg bør sjå på? Om eg hadde tusenvis av mål med slått ville eg nok kjøpt ei dyrare maskin frå eit anerkjent merke, men er det grunn til å tru at desse rimelege maskinene ikkje kan fungere fint?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det som ofte er fornuftig, er at utstyr som brukes relativt få timer i året, eies av flere i fellesskap. Men det forutsetter at man er nogenlunde samarbeidsvillig og fleksibel - og at en har naboer av samme kaliber. Hvis en får det til å fungere er det til fordel for alle. Utfordringa er gjerne at folk er litt for forskjellige... 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vær så snill å ikke kjøpe Kellfri, får vont i magen av å tenke på at det finnes folk som kjøper produkter fra de som må plages i alle år fremover. Ikke har de deler, ikke har de kompetanse, ikke har de samarbeidsvilje og ikke har de noe som ligner på kvalitet. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er det av eiga erfaring? Høyrer gjerne om korleis desse slåmaskinene fungerer ?

Eg har fleire ting av Kellfri-opphav. Sikkert ikkje fantastisk kvalitet, men langt frå så elendig som nokre hevdar heller.

Spørsmålet er jo om det er "godt nok" til prisen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...