Gå til innhold

Faststøypte bingestenderar rustar av


Gjest

Anbefalte innlegg

Eg har vore sett eit tilfelle der relativt nye galvaniserte stendere ruster rett av i overgangen ved gulvet. Lurer veldig på kva som er grunnen.

Litt meir fakta:

-Oksegardar

-Open gjødselrenne

-I kvar binge er det stendere mot forbrett og mot bakgang, i tillegg ein midt på gardeskille. Det er denne som ruster vekk.

- Gulvet er støypt, så er det kjerneborra og stenderane støypte fast

- Innredninga er jorda

 

Lurer på om det er krypstraum som er syndaren, men kvifor er ikkje stenderane i bakkant og front rusta?

 

Er det nokon som har synspunkt eller svar, er det bare å skriva i veg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har vore sett eit tilfelle der relativt nye galvaniserte stendere ruster rett av i overgangen ved gulvet. Lurer veldig på kva som er grunnen.

Litt meir fakta:

-Oksegardar

-Open gjødselrenne

-I kvar binge er det stendere mot forbrett og mot bakgang, i tillegg ein midt på gardeskille. Det er denne som ruster vekk.

- Gulvet er støypt, så er det kjerneborra og stenderane støypte fast

- Innredninga er jorda

 

Lurer på om det er krypstraum som er syndaren, men kvifor er ikkje stenderane i bakkant og front rusta?

 

Er det nokon som har synspunkt eller svar, er det bare å skriva i veg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har eit tips om korleis dette kan reparerast.

 

Du får tak i nokre stubbar med grovt armeringsjarn (20 mm eller grovare) eller sveisar saman tre tynnare jarn. Er det betong på innsida av stenderen i golvet, meislar du dette ut. 10-15 cm ned er nok. Armeringsjarnet kan gå like langt over golvet også. Til forskaling på utsida av stenderen kan du bruke drensrør eller firkanta takrennenedløp avhengig av om den er rund eller firkanta. Forskalinga bør stikke eit par cm over toppen av armeringsjarnet. Oppi forskalinga fyller du ekspanderande mørtel som du får kjøpt i 5 kg posar i byggevarebutikkar. Så set du den lause delen av stenderen oppi forskalinga. Lett banking med hammar på den sørgar for at betongen kjem til over alt. For at stenderen skal komme på rett linje, kan du montere ei vassledningsrør eller liknande mellom stender i fram- og bakkant. Så er det berre å bruke vateren for å få dette i lodd før du festar stenderen fast til den med egna feste (armeringstråd, strips eller liknande). Etter eit par dagar er stenderen klar til bruk.

 

Eg har reparert avrusta båsfrontar på denne måten. Ingen har svikta enno.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest spelarjakob_1

Det er sansynleg at Du har galvanisk tæring, på innreiinga Di, som muligens kjem av jordfeil innafor den transformator Du er tilknytt, sitt forsyningsområde.

Dette er svært vanleg.

Mål spenninga på alle tre straumfasane mot jord, i både fjøs og våningshus, så kan eg muligens fortelje Deg kva som er grunnen, utifrå eiga dårlege erfaring.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest spelarjakob_1

Mellom jord og fase skal Du ha halvparten av nettspenninga. Det er viktig at det er likt på alle. Dersom Du på ein av fasane har lavare spenning enn dette, er det jordfeil hos ein eller annan som er tilknytt \&quot\;din\&quot\; transformator. Spenninga frå transformatoren vert lavare og lavare mot staden der overledninga er. Dersom dei forskjellige hus og driftsbygningar heng saman i felles vassforsyning, vil det lett oppstå spenningsforskjeler som gjev galvanisk tæring.

Dersom to stader har jordfeil på kvar sin fase, har du ei kortslutning som nok i mange høve utgjer ein betydeleg brannfare.

Mine erfaringar heng saman med det eg har nemnt her.

Femkvarttoms galvaniserte vassrør måtte skiftast ein gong om året!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest spelarjakob_1

Til koeps. Skal vere litt meir presis. Spenning mellom jord og fase skal vere 133 til 134 volt. Mellom 100 og 150 er ok.

Frå transformator i f.eks. eine enden av ei bygd, til ein jordfeil i den andre, går spenninga ned.

Er du nær ein jordfeil vil du måle 3 til 4 -5 volt.

Det seier seg sjølv at om desse husa heng saman med vatn eller avløp vil her verte spenningsvariasjonar som kan gi tæring på metall.

Jordfeilar kan opptre periodisk , og vere rett vanskelege å finne ut av.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...