Gå til innhold

Erfaringer med kalveforingsautomat


Gjest

Anbefalte innlegg

Hei, eg sitt å funderer på ulike løsninger for småkalver, har god erfaring med kalvehytter, men har gått lei konstant regn å vind i 4-5 måneder... har eit gammalt fjos så står tomt, å vurderer nå i første rekke å lage til noko enkelt med grinder og talle pga mykje gjeld vil eg ikkje gjere noko omfattande støypearbeid med innredning, spalter gjødseltrekk osv. Men eg ser på finn.no at det detter inn brukte kalveforingsautomater til "gi bort" priser... Er dette rett å slett pga at heile automatane er noko dritt? eller er det bare tilfeldigheter bak dette? Har nokon seriøse synspungt på dette, kom gjerne med både gode å dårlige erfaringer, viss en kan kjøpe en brukt automat til 10-15000 kroner, og at dette er opplegg som funker er det jo etter mitt skjønn lite å lure på... Men viss disse automatene lager mykje diare å kalvesjukdom forstår eg jo problemet..

 

Kan nokon gje meg ein fornuftig svar?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg sette inn kalveforingsautomat, delaval CF 150, for tre år sidan. Me laga til ein binge med vakumutslepp under, plastrister som kalvane går på, og opphøgd liggjeareal vart laga av tre og med gummimatter oppå. Har plass til opp til 10-15 kalvar. Automaten gir både mjølk og kraftfor. Me har aldri hatt mindre problem med kalvane enn etter me gjekk over frå det gamle systemet der dei fekk mjølk i bøtter og var 2-3 kalvar i lag i kvar binge. Patting, diare og hosting er så godt som heilt fråverande. Me brukar pulver og blandar ut, synest det fungerer betre enn mjølk, då fersk mjølk krev meir reinhald. Med pulvermjølk går det heilt fint om ein skyller utav spannet mjølka er i ein gong i veka, og ein sjeldan gong spyler gjennom slangen frå spannet til automaten. Me kjøpte automaten brukt for 10-12.000 og den har fungert heilt utmerka. Kan anbefalast på det varmaste!

Kalvane går i enkeltbinge og får mjølk av flaske så lenge dei får råmjølk, så er det over i fellesbingen og automat, dei lærer som regel med ein gong korleis dei skal få fatt i godsakene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Må berre presisera at eg ikkje har meir mjølk i spannet enn at det blir nokolunde tomt minst ein gong til dagen, slik at det alltid er nokolunde nyutblanda mjølk.
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest navara_1
Har hatt delaval cf 150 i 5 år nå, og det fungerer fantastisk. Det ble slutt på diare, tilveksten er svært god, og tidsforbruket på å fore 20 kalver ligger på 5 minutter pr. dag! Og det er stille i fjøset når man kommer, til og med ved avvenning. En annen stir fordel ved denne automaten er at den også gir kraftfor, slik at du har kontroll på opptaket til hver enkelt kalv i motsetning til ved appetittforing.
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...