Gå til innhold

Oppstart


Gjest

Anbefalte innlegg

Hei!

 

Eg er ei 33 år gamal odelsjente som har ein stor drøm: å drive gard. . Eg har begrensa erfaring med gardsdrift, og har ei heilt anna utdanning (samfunnsvitskap). Er heilt grøn på det administrative, så her kjem mange spørsmål om det heilt elementære.

Det har ikkje vore drift på garden på 20 år. Ny driftsbygning er delvis oppført, og står no meir som eit skal utan skikkeleg innmat. Det er tak og fire veggar, men manglar innreiing og låvegolv.

Eg har i nokre år no hatt nokre sauer for trivsels skuld, men vil gjerne drive på heiltid. Eg har eit nøysamt forbruk, og motivasjonen for å drive gard er primært den at ein til ein viss grad er sin eigen herre, og å få drive med dyr og jord.

Garden er på tett oppunder 900 mål, med 50 mål fulldyrka, samt noko innmarksbeite. Beiteressursane er delvis gode (høg bonitet), men det er også noko myr. Eg har tenkt litt på kva eg vil drive med, og har planer om å starte med ammekyr samt halde fram med sauene. Men kor byrjar ein? Først må driftsbygningane på plass, og så må det vere lønsemd noko til å få ting til å gå rundt. Får ein lån utan å ha anna jobb, t.d? Kva i alle gjer folk for at det skal bli lønsemd på gardane sine? Ser på sauene no, der får eg slaktepris, samt produksjonstilskot. Er dette alt?

Må også ha noko utstyr for å drive jorda, men dette tenkjer eg at eg kan få tak i brukt og til ein grei pris.

Gode råd er velkomne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest billy_the_kid_1

Så lenge du er odelsjente er dette ein smal sak. Få haim ein frier med offshore jobb. 2 uker med godt betalt jobb og 4 veker til og jobbe på gården.

Eller ta kontakt med rådgiver fks norsk landbruksrådgiving, kommunen sin landbruksavdeling kan og i noen kommuner ha kompetanse. Få oversikt over lån og investeringskostnader. Har du bygg trenger ikkje innredning til sau og ammeku være den største investeringa. Maskinparken kan du kjøpe gradvis og brukt. Noe kan leies av lokal entreprenør.

Sjå kva muligheter du har ved sida skog, juletrer, honning, frukt og bær evnt gårdsturisme og grønnomsorg.

Uansett hva som blir valget lykke til!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...