Du er her

pettakss bilde
pettaks
Logget av
Innmeldt: 20.05.2016
Føring av rekneskap, hobbydrift

Starta i 2010 med 6 sau og auka til 13-14 året etter. Det har gått slag i slag og har i dag ca 25 vf sau. Ved oppstart kontakta eg likningskontoret angående føring av reknskap og eventuelt levering av næringsoppgåve. Drifta vart sett på som hobbyvirksomheit då eg ikkje hadde, eller har, omsetning over 50 000,- eks mva. I så måte trengte eg ikkje levere noko form for næringsoppgåve, men føre rekneskap på vanleg måte. Dette fører til at eg heller ikkje er mva pliktig. Som det blir sagt frå eit rekneskapskontor, eg kan tjene 50000,- utan å skatte av det, men eg får då heller ikkje trekke frå mva på driftsutgiftene mine. Noko anna vil vere ei slags dobbel beskattning. Når det gjeld tilskudd, som er eit tilskudd til drifta, skal ikkje dette reknast som ein del av omsetninga. Drifta i seg sjølv er ikkje særlig lønnsam sett under eit, og tilskudda er eit viktig bidrag til drifta. Har i tillegg kjøpt traktor og maskiner som med eventuelle avskrivning over fleire år gjer at drifta igrunn går i minus. Eg las no at offentlege tilskudd skal skattast av, noko som eg reknar med også gjeld desse tilskudda. Dette har eg ikkje vore oppmerksom på, og er usikker på om gjeld mitt tilfelle. Kontakta på nytt eit anna rekneskapskontor som meinte eg burde levere næringsoppgåve der tilskudda skal førast. Det skal seiast at eg ikkje får att mva på avløysartenester frå avløysarlag. Det er også eit bunnfrådag på tilskota, som i år har vore på 6000,- om eg ikkje tar feil. Drifta er i ei gråsone, og igrunn vanskelig å gi noko eksakt svar på. På grunn av andre årsaker blir nok denne drifta lagt ned kanskje allereie til hausten. Kva meiner du?